Hopp til innhold

Fekk påpakning for trimma moped

Føraren av ein moped kan vente seg eit oppgjer med lovas lange arm etter at politiet seint i går kveld oppdaga at mopeden var trimma. Forholdet som vart oppdaga i Førde i 23-tida blir politimeldt, og føraren må vise fram mopeden for kontroll hos Vegvesenet.