Hopp til innhold

- Vi var farleg nære at det gjekk veldig gale - det er inga god kjensle

Først såg ho det rasa jord ned på bilen som køyrde før ho. Så byrja det å hagle rundt hennar eigen bil. Med eitt dundra ein stein rett i panseret, berre centimeter frå sonen som sat i passasjersetet.

Fekk panseret knust av stein i Kleiva

KRATER: Steinen kom svært høgt oppe frå fjellsida og trefte panseret på bilen med stor kraft. I passasjersetet på bilen sat ein åtte år gamal gut og familien prisar seg lukkeleg for at marginane var på deira side.

– Den kjensla eg fekk då eg høyrde det hagla stein rundt bilen, og så kjem det plutseleg ein i panseret. Den er ubeskriveleg utriveleg, seier Asbjørg Honningsvåg.

Berre centimeter frå ei alvorleg ulukke

Honningsvåg var på veg heim då ho var ein av bilistane som laurdag ettermiddag opplevde at steinar trefte bilen i området ved Kleiva på fylkesveg 633 mellom Leikanger og Honningsvåg.

Ho har tidlegare åtvara om at det kan kome til å gå liv om ikkje noko vert gjort for å sikre strekninga. I går følte ho at ho var for nære på.

– Steinen lagde eit stort krater i panseret på bilen og hadde nok gått tvers gjennom hadde det ikkje vore for at motoren tåler litt. Hadde steinen gått gjennom taket, eller gjennom frontruta, så hadde den treft den åtte år gamle sonen min. Eg torer ikkje tenkje på kva som hadde skjedd, seier Honningsvåg som er tydeleg skjelven etter hendinga.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bil treft av stein og jord i Kleiva

STEIN OG JORD: Det hagla med både jord og stein rundt bilen til Asbjørg Honningsvåg.

Stengjer vegen til måndag

Episoden skjedde laurdag ettermiddag då fleire bilar vart slepte gjennom området der det no vert gjort fjellreinsking. Vegvesenet hadde då allereie bestemt at dei ville nattestengje vegen frå klokka 20.

Dette fordi det var meldt så store nedbørsmengder at ein frykta det skulle kome ned stein.

Etter at fleire bilar vart trefte av steinar bestemte Vegvesenet for å stengje vegen umiddelbart. Klokka 16.45 stengde dei vegen og vil ikkje opne den att før måndag.

Postbil fekk stein rett gjennom taket

Det er ikkje første gong bilar vert trefte av stein i området ved Kleiva. I slutten av juli var marginane på rett side då ein stein gjekk rett gjennom taket på ein postbil. Steinen kom høgt oppe frå fjellsida og gjorde ein runddans bak i lasterommet på bilen før den til slutt hamna i nakkestøtta på førarsida.

– Det var kanskje berre 20 centimeter frå at det gjekk skikkeleg gale, fortalde postsjef Edvard Iversen til NRK.no om hendinga.

Nokre veker seinare var det Asbjørg Honningsvåg som fekk oppleve naturkreftene. Då ho kom til Kleiva hadde det akkurat kome ned fleire store steinar. Honningsvåg sa då at det var på tide at noko vart gjort for å sikre området.

– Vi har nok vore stille og godteke situasjonen fram til no. Men no må vi i bygda stille krav, sa Honningsvåg til NRK.no for om lag ein månad sidan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellsida over Kleiva på vegen til Honningsvåg

FJELLSIDA: Det er frå dette området det i det siste har rasa steinar fleire gonger. Asbjørg Honningsvåg krev at det vert bygd eit rasoverbygg på strekninga.

Foto: Geir Honningsvåg

Starta fjellreinsking

Etter begge desse episodane har Statens vegvesen vore på staden med sin geolog som har undersøkt fjellsida. Det er no sett i gang fjellreinsking i området, nettopp for å gjere området tryggare.

Honningsvåg er glad Vegvesenet har sett i gang med tiltak. Men seier ho og mange andre som brukar vegen fryktar at fjellreinskinga skal føre til at ein stadig oftare vil oppleve at mindre stein rasar ned frå fjellsida.

– Ja, steinane er ikkje så store. Men dei kjem så høgt at dei får ei enorm kraft når dei dundrar i bakken, eller på ein bil som køyrer her. Dei kan gjere veldig stor skade, seier Honningsvåg.

Ikkje godt å måtte stole på flaksen

Fjellområdet det steinane losnar ligg like i nærleiken av eit eksisterande rasoverbygg. Honningsvåg held fast ved kravet ho tidlegare har fremja for Vegvesenet.

– Vi må få eit rasoverbygg også her, så enkelt er det, seier Honningsvåg til NRK.no.

Om lag 40 personar i bygda Honningsvåg har sidan laurdag ettermiddag vore isolerte som følgje av vegstenginga. Ifølgje Vegvesenet vil dei vurdere å opne vegen først måndag morgon.

Honningsvåg gruar seg til å køyre på vegen att.

– Vi var farleg nære at nokon vart alvorleg skadd. Marginane var på vår side, men vi kan ikkje leve med denne frykta. Ein har berre flaksen å stole på, og det er ikkje noko godt.