NRK Meny

Fekk overnatte i arresten

Ein rusa mann i 30-åra vart i natt køyrd heim av politiet i Førde på grunn av roping i sentrum. Vel heime spelte mannen så høg musikk at naboane klaga, og politiet måtte rykke ut på ny og avslutte spelinga. Vedkomande heldt fram med å bråke, og det enda med at han fekk overnatte i drukkenskapsarresten.