Hopp til innhold

Fekk øl og safari av Terra

Terra spanderte scootersafari og sosiale samkvem på kommunetoppane i Vik og Bremanger.

Kåre Olav Svarstad
Foto: Ingrid E. Haugen

Det viser ei ringerunde som VG gjorde i går. Minst fem ordførarar og rådmenn i kraftkommunane Rana, Hattfjelldal, Hemnes, Bremanger og Vik deltok på minst ein av desse turane.

Scootersafari på vidda

Terra spanderte mat, snøscooterleige, lavvoovernatting og alkohol.

- Etter at vi i dag har stramma inn vårt etiske regelverk, hadde eg aldri kunne delteke på ein slik tur, vedgår ordførar Kåre Olav Svarstad i Bremanger.

Han hugsar godt ein snøscootersafari på Finnmarskvidda for tre år sidan der han sjølv fekk sitje bak styret på snøscooteren.

Fagleg oppdatering

- Det viktige med turen var den faglege oppdateringa vi fekk frå Terra sine folk, seier assisterande rådmann Kjell Pedersen i Rana.

Begge Terra Securities sine supermeglarar, Knut Anders Opstad og Harald Norberg, deltok på seminaret.

I 2006 vart dei same kommunetoppane inviterte til London for å få møte sjølvaste banksjefen i Citibank. Svarstad takka då nei til invitasjonen.

- Engelsk er ikkje mi sterkaste side, heller. Så eg vart heime, seier han.

- Ingen samband

Terra ynskjer førebels ikkje å gå i detalj om turar og seminar som dei har halde for toppane i kraftkommunane.

- Vi skal gå gjennom kva vi har gjort og ikkje gjort, seier informasjonsdirektør Sigurd Ulven til VG.

I ei pressemelding understrekar fire av kraftkommunane at det ikkje er direkte samband mellom arrangementa og det som no vert kalla Terra-saka.