Hopp til innhold

Geita Natalia berga ned i sekk og taubane, Birka går ein uviss skjebne i møte

Etter fleire forsøk vart ei av dei to skårfaste geitene berga ned frå fjellhylla i Undredal i Aurland. No gjev bonden opp å redde den siste.

Her blir geita Natalie redda ned

KLAR TIL Å PUTTE I SEKKEN: Klatrarane gjer seg klare til å putte geita Natalie i sekken og fire ho ned taubana.

Foto: Pascale Baudonnel

– Eg gir ikkje opp, eg veit ikkje kva eg skal gjere med Birka, men eg har ikkje bestemt meg for å skyte ho enno, seier geitebonde Pascale Baudonnel.

Etter ein fleire forsøk på å få dei to geitene ned frå fjellhylla dei har stått på i tre veker, lukkast klatrarar i dag med å få ned geita Natalie. Den litt meir sta Birka står framleis på hylla.

– Det var luftig og krevjande oppe på hylla. Vi rigga eit tau frå toppen og ned i ein av dei to båtane som var på fjorden, og lagde ei taubane. Så putta vi geita i ein sekk, hang den på taubana og senka den forsiktig ned i den andre båten, fortel Hendrik Lapp om den fem timar lange bergingsaksjonen.

Sjå bilete frå berginga:

Lapp er lærar for klatregruppa ved Sogndal Folkehøgskule, som har delteke i bergingsaksjonen. Saman med nokre lokale folk har dei forsøkt å berge dei to geitene ned frå fjellhylla høgt over Sognefjorden.

Sjå video frå tidlegare bergingsforsøk:
(artikkelen held fram under videoen)

Med hjelp frå elevar frå Sogndal folkehøgskule prøvar bondeson David Underdal å redde ned to skårfaste geiter høgt over Sognefjorden.

Sta som berre ei geit kan vere

– Det er få geiter som får laga si eiga spesialtilpassa taubane. Eg trur ikkje det blir så mange liknande oppdrag framover, men elevane får ei fornemming av kva utfordringar som kan kome og kva klatrekunnskapane kan brukast til.

Dei to geitene, Birka og Natalie, har stått fast på ei fjellhylle i nærare tre veker, og det er gjort fleire forsøk på å få dei ned. I dag lukkast dei endeleg, men likevel berre halvveges.

– Vi fekk ned eine geita, Natalie, men Birka var sky. Klatrarane kalla på den i ein og ein halv time, men den såg på dei som inntrengarar og ville ikkje gå bort til dei, fortel son av geitebonden, David Underdal.

Visste kva som venta

Den siste geita var altså ikkje like samarbeidsvillig.

– Den ville ikkje kome. Den var sta, og stod på ein utsett plass, fortel Lapp. Etter at dei prøvde å berge geitene torsdag utan å lukkast, var dei i dag betre førebudde.

– Vi visste kva som venta og hadde utstyret vi trengde, seier Lapp, som sjølv om dei berre fekk ned ei av geitene er godt nøgd med aksjonen.

Kva som skjer med den gjenverande geita, Birka, er uvisst.

– Vi veit ikkje om vi skal skyte den enno. Det kjem litt an på vêret, om ein skal skyte frå fjorden krev det roleg sjø. I dag fekk vi ned halvparten, så det er ein bra siger det, seier Underdal.

Sjå video frå då geita vart berga ned:

Etter fleire forsøk vart ei av dei to skårfaste geitene berga ned frå fjellhylla i Undredal i Aurland. No gjev bonden opp å redde den siste.

SJÅ VIDEO: Ei av geitene vart berga ned søndag. (Foto: David Underdal)