Hopp til innhold

Fekk nærgåande drone på tunet

Dei slappa av på tunet på Hagaberg i Utladalen. Då dukka det brått opp ein drone på fire-fem meters avstand.

Petter Arnt Løvdahl

FEKK DRONE PÅ TUNET: Petter Arnt Løvdahl ved bordet der han sat då ein drone kom vel nær.

Foto: privat

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Petter Arnt Løvdahl og Anne Serine Heggdal er på ferie på den gamle høgdegarden Hagaberg, som ligg i Utladalen i Årdal. Utladalen er eit landskapsvernområde, der det i utgangspunktet er ulovleg å flyge drone.

– Vi hadde vore på tur i Gravdalen og sette oss ned på tunet med ein kaffikopp. Brått såg eg at det kom ein drone sakte mot oss med blinkande raude lys og stansa på fire-fem meters hald. Då eg reiste meg opp, løfte den seg opp og hengde over tunet ei lita stund før den fôr vidare.

– Veldig ubehageleg

Løvdahl seier han ikkje veit om dei som flaug dronen hadde fått løyve, for han såg ikkje folk. Men han synest uansett at det er utriveleg å få privatlivet invadert på denne måten.

– Når dei kjem inn i tunet til folk, då reagerer eg. Det var veldig ubehageleg.

Avdal gard i Årdal

I LANDSKAPSVERNOMRÅDET: Avdal gard (nærast) og Hagaberg litt lengre nede ligg i Utladalen landskapsvernområde.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Talet på dronesøknader har eksplodert

Både i Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde er det ulovleg å flyge drone utan løyve frå nasjonalparkstyret. Nasjonalparkforvaltar Rigmor Solem seier det i år har vore nærast ein eksplosjon i tal søknader.

– Vi gir nokre løyve, medan andre får avslag. Og så er det ein del som ikkje søker, dei veit kanskje ikkje om forbodet. Det blir min jobb dersom eg kjem over dronar å sjekke om dei har løyve. Har dei ikkje det, blir dei melde til politiet.

Ho veit ikkje om den dronen som var nærgåande på Hagaberg var ein som det var søkt løyve om.

– Vi gir som regel løyve dersom det er snakk om filming til naturprogram og liknande, men dersom det berre er til privat bruk eller marknadsføring av bedrifter, blir det som regel ikkje gitt løyve.

Hagaberg - Petter Arnt Løvdahl

IDYLL: Tunet på det tidlegare bruket Hagaberg.

Foto: privat