Fylkeskommunen skulda for lukka prosess og hemmeleghald

– Vi fekk ikkje vite noko som helst. Det var munnkorg på hovudtillitsvald. Ho fekk ikkje informere om noko ting.

Clara Øberg

TYDELEG: Clara Øberg er tydeleg på at ingenting er skrive i stein og lovar å ta på alvor innspela som har kome.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det seier fylkesleiar Gerd Berge i Tannpleiarforeininga om prosessen som enda opp i eit framlegg om ny tankklinikk-struktur.

Torill Torvanger

SKUFFA: – Vi har ikkje fått noko særskilt med opplysningar rundt prosessen, seier tillitsvald for tannhelsesekretærane Torill Torvanger.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fylkeskommunen har føreslått å leggje ned 11 tannklinikkar for å spare pengar.

– Vi føler det ikkje har vore noko demokratisk prosess, legg Berge til.

Fekk munnkorg

Den oppfatninga blir delt både hos tannlegane, tannpleiarane og tannhelsesekretærane. Dei meiner hemmeleghald har prega den lukka prosessen.

Hovudtillitsvald for dei offentleg tilsette tannlegane, Øystein Sivertsen, var med i arbeidsgruppa. Han vedgår at han ikkje fekk diskutere innhaldet med nokon.

Hemmeleghald og manglande informasjon har skapt mykje frustrasjon blant dei tilsette. Vi trur at ein har vore meir tent med ein meir open prosess.

Uttale Den norske tannlegeforening
Øystein Sivertsen

MUNNKORG: Øystein Sivertsen sat i arbeidsgruppa.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi har eigentleg ikkje hatt noko mandat i den gruppa. Samstundes har vi blitt utestengd frå å informere om det som skjedde i gruppa, seier han.

– Var det slik at de fekk munnkorg med å gå vidare med det som var diskutert?

– Ja, det fekk vi.

Avviser munnkorg

I fleire høyringsbrev får prosessen omtale i negative ordelag. Mellom anna opplevde dei offentleg tilsette å få informasjon gjennom media først.

– Det er litt trasig at vi får vite det den vegen, seier tillitsvald for tannhelsesekretærane i Parat, Torill Torvanger.

Det har ikkje vore drøfta eller tatt opp med dei tilsette sine organisasjon, hemmelighald og manglande informasjon har skapt frustrasjon blant til tilsette.

Uttale frå Tannhelsesekretærens Forbund

– No ser eg det ikkje slik at dei fekk munnkorg, svarar fylkesdirektør for tannhelsa, Clara Øberg.

Sparer 11 millionar kroner

Ved å leggje ned 11 av 26 tannklinikkar i fylket, sparer fylkeskommunen 11 millionar kroner. Øberg seier det ikkje var meininga at alle tilsette skulle vere med i prosessen.

– Vi rekna det slik at når tillitsvalde er med, og det var frå alle organisasjonane, så representerer dei sine medlemer kring om, seier ho.


Vi stiller oss undrande til at vår representant i arbeidsgruppa ikkje har hatt anledning til å
kommunisere med oss tannpleiarar underveis i utgreiingsarbeidet.

NTpF avdeling Sogn og Fjordane

– Kva verdi har det for dei å vere med når dei ikkje kan diskutere det som kjem opp med sine medlemer?

– Vi meiner dei er valde representantar for dei tilsette. Eg har forståing for at dei føler at det var ein lukka prosess, og det skal vi ta med oss. Men eg kan ikkje sjå noko anna måte vi kunne gjere det på som ville vore funksjonell.

Ikkje berre kritikk

Fylkeskommunen har fått inn nær 40 høyringsbrev frå mellom anna ulike interesseorganisasjonar og kommunar. Protestane er sterke, og fleire påpeikar at spesielt svake grupper blir råka av omlegginga.

Samstundes vedgår tilsette i tannhelsetenesta at tida er moden for ei fornying av tannklinikkstrukturen.

– For oss som arbeidstakarar så påpeikar vi at det ikkje blir oppseiingar. Samstundes er det viktig at vi slepp mykje ambuleringsteneste.