Hopp til innhold

Fekk møte riggleiaren – avsluttar aksjonen i Gulen

Greenpeace avsluttar no aksjonen mot oljeriggen i Gulen. Etter å ha aksjonert i over 12 timar fekk aksjonistane møte riggleiaren

Karianne Opgård Andersen, Greenpeace

NEI TIL OLJEBORING: Karianne Opgård Andersen er talsperson for Greenpeace.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

– Vi har no overlevert våre synspunkt og krav, og difor avsluttar vi aksjonen i kveld, seier talsperson Karianne Opgård Andersen.

Like før klokka sju torsdag morgon tok aksjonistane frå Greenpeace seg om bord i riggen som høyrer til selskapet Sea Drill, og som skulle ut på oppdrag frå Statoil.

Årsaka til aksjonen mot riggen som ligg i Skipavika i Gulen er den planlagde leiteaktiviteten i Barentshavet.

Budd på lang aksjon

Då aksjonistane frå Greenpeace gjekk om bord i oljeriggen West Hercules torsdag morgon, var riggleiaren lite interessert i snakke med dei. Aksjonistane slo seg då ned i trappa inne i riggen. Der var dei utstyre med mat, drikke og soveposar og i utgangspunktet innstilte på å bli der lenge.

Torsdag kveld valde riggleiaren likevel å møte aksjonistane og då løyste alt seg.

– Noko av utgangspunktet for aksjonen var at vi ynskte å få snakke med riggleiaren og forklare kvifor vi meiner dei ikkje bør dra, seier Andersen.

– Men no kan altså riggen reise frå Skipavik, ein dag forseinka. kva har de då oppnådd med aksjonen?

– Vi meiner at møte med riggleiaren var viktig, og vi håpar at dei kjem til å ta omsyn til det vi har skrive i brevet vi overleverte om kvifor vi ikkje ynskjer at riggen skal gå til Barentshavet.

GP0STROIK Protest against Arctic oil at Equinor oil rig

AKSJON: Hindra oljerigg i å forlate Sakipavik i Gulen.

Foto: © / Greenpeace

Leiteboring

Greenpeace er kritiske til den planlagde leiteboringa etter olje i Barentshavet.

– Norge har forplikta seg til klimamål og verda har allereie funne meir fossilt brensel enn vi kan forbrenne og då meiner vi det er uforsvarleg å leite etter stadig meir, seier Andersen.

Ho vil førebels ikkje seie noko om det kan fleire aksjonar mot den planlagde prøveboringa nord for 62. breiddegrad.

– Det er for tidleg å seie, men eg veit at det er mykje både vilje og ressursar til å stogge 23. konsesjonsrunde, seier Andersen.