Hopp til innhold

Fekk møte helten på heimebane

Med to nye plastbakkar for skihopping i Stryn ønskjer Sogn og Fjordane skikrins å setje meir fokus på rekruttering til sporten.

Fannemel

OPNING: Endeleg klart for opning i Bjørkelibakkane på Vangen i Stryn. Dei frammøtte fekk møte landslagshoppar Anders Fannemel.

Foto: Håkon Skaar

Søndag opna skikrinsen Bjørkelibakkane på Vangen i Stryn, slik at små og store kunne få prøve seg. Med seg hadde dei Anders Fannemel, men likevel var det mellom åtte og ti som våga seg opp i bakken.

– Vi valde denne dagen fordi det var då Anders kunne komme, men vi var nok klare over at mange ikkje kunne komme grunna ferie og slikt, seier leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Gunnar Fannemel.

Trur fleire vil, men ikkje tør

Fleire møtte opp for å sjå på, og Fannemel trur det var mange som kunne ha hoppa, men som ikkje torde.

– Vi hadde ordna med hoppski for barn også, men desse vart ikkje brukt. Det er forståeleg at det er litt skremmande å renne på plast, men bakkane er bygd opp slik at ein ikkje må kunne hoppe for å prøve seg. Det er nesten slik at eg meiner dei kan bruke akebrett berre for å kome seg opp. Ein må leike seg inn i bakkane, seier han.

Bakgrunnen for arrangeringa var å få fleire til å opne auga for skihopp.

– Skal ein halde oppe skihoppsporten må ein begynne rekrutteringa tidleg.

Planlegg fleire arrangement

Og slike arrangement har skikrinsen planar om å ha fleire av. Allereie rundt 23. august ein gang er planen å få til ei samling over fleire dagar, der dei kombinerer skihopp og langrenn, og også brukar Markane.

For om det var skuffande få som møtte opp søndag hadde dei det likevel kjekt dei som var der.

– Vi fekk også bekrefta at bakkane fungerer 100 prosent. Det einaste som manglar er å få ferdig tautrekket i 40-metersbakken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fannemel

GLADE VINNARAR: Litt ekstra stort å hoppe godt når landslagshoppar Anders Fannemel er på besøk.

Foto: Håkon Skaar

Forstår at mange kvir seg

Også Anders Fannemel storkoste seg i bakken, trass lite folk. Han skal no vere heime på ferie ei veke, og tykkjer det er moro å bidra for få meir fokus på hoppsporten.

– Det er veldig bra at dei har fått i gang eit heilårsanlegg i Sogn og Fjordane. Det skulle eg gjerne hatt sjølv når eg vaks opp, seier han.

Også han forstår at det kan vere vanskeleg å ta steget opp i bakken.

– Det tok ei stund før eg våga meg opp. Eg hadde lyst lenge før eg begynte med det, for eg vart lei langrenn og hadde lyst å prøve noko nytt. Det krev litt mot å setje ut frå bakken, så det er veldig viktig å starte med leik.

Skihopparen meiner sporten handlar om å ta små steg og å utfordre seg sjølv.

– Ein må jo ikkje hoppe i dei største bakkane med ein gong. Eg kjende det godt på pulsen dei første gongane, eg og, men det er veldig herleg når ein står på sletta etterpå. Det er den følelsen eg i stor grad har blitt hekta på, seier Fannemel.

Vil bidra i rekrutteringa

Han vedgår at det var moro for ungane å få treffe han, men likevel håpar han at dei var der for skihoppinga og ikkje han. Når skikrinsen arrangerer samling i august håpar han å få vere med, den gongen som instruktør.

– Eg er kanskje ikkje nokon god trenar, men eg vil gjerne bidra med litt tips. Eg vil no trur eg har lært nokre ting etter kvart, seier han.

Om tre veker startar han med internasjonal hoppkonkurranse igjen, og det i Polen. Men først skal han nyte ei veke med ferie på heimtraktene.

– Det blir ein tøff haustsesong, trur eg. Men eg kjenner meg i fin fysisk form, og eg har hoppa betre denne sommaren enn dei to siste, så eg håpar det held seg slik.

Bjørkelibakkane

OPNING: Sundag var det opning av dei to nye plastbakkane for skihopping. – Det er veldig bra at dei har fått i gang eit heilårsanlegg i Sogn og Fjordane. Det skulle eg gjerne hatt sjølv når eg vaks opp, seier Anders Fannemel.

Foto: Håkon Skaar