NRK Meny
Normal

Fekk møte helten

Ein tilfeldig tur på Teatercaféen gjorde laurdag til at biletkunstnaren Oddvar Torsheim fekk møte ein av sine musikalske heltar.

Ron Wood og Oddvar Torsheim

TOPPMØTE PÅ TEATERCAFÉEN: Ron Wood frå The Rolling Stones og biletkunstnar Oddvar Torsheim

Foto: Privat

– Eg spring vanlegvis ikkje etter kjendisar, aldri i livet, men eg kunne ikkje dy meg denne gongen.

For medan multikunstnaren Oddvar Torsheim frå Førde sat på Teatercaféen, kom sjølvaste Ron Wood, gitarist i Rolling Stones, inn og sette seg saman med familien. For Oddvar Torsheim, som har følgt med den britiske rockegruppa sidan tida si i København på 1960-talet, var dette ein sjanse han ikkje kunne la gå frå seg.

– Eg fekk gitt han eit kort med ei helsing på, og så tok vi ein "selfie"

– Korleis var Wood?

Oddvar Torsheim

MØTTE MUSIKALSK HELT: Biletkunstnar Oddvar Torsheim

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Han var ein gentleman, hyggeleg og høfleg, og det prøvde eg òg å vere smiler Torsheim.

– Du veit, karar som han dei blir plaga av millionar av personar. Det skjer ikkje meir enn toppen ein gong i 10-året at eg går bort til ein kjendis, men eg gjorde denne gongen.

Du har tidlegare gitt ut plater inspirert av Beatles og Bob Dylan. Kjem det no og ei plate inspirert av Rolling Stones?

Nei dei har eg ikkje prøvd meg på endå. Men det kjem ei plate til hausten med fleire Dylan-songar.

Måndag kveld spelar Rolling Stones i Oslo. Det er sju år sidan sist dei aldrande rockarane sist vitja Norge. Men sjølv skal ikkje Torsheim, som for tida er barnevakt for barnebarnet, på konsert.

– Nei, det er utselt, så eg får nøye meg med å ha møtt Ron Wood og fått tatt ein "selfie". Og så var han heldig og fekk møtte meg òg, ler Torsheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.