Hopp til innhold

Fekk milliardavtale med bilgigant

Elkem Bremanger og handelskonsernet Mitsubishi vart fredag samde om ein kontrakt verd 1,5 milliardar kroner.

Elkem Bremanger

Silisiumverket til Elkem Bremanger er samde med om gigantkontrakt med eit av verdas største handelskonsern, japanske Mitsubishi.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kontrakten går over seks år, og er den største silisiumprodusenten nokon gong har skrive. Silisiumet skal nyttast i all elektronikk som japanarane produserer i mellom anna bilar og varmepumper.

- Det er den største kontrakten vi nokon gong har gått inn. Avtalen utgjer kring 30 prosent av produksjonen på silisiumverket og er kjempeviktig. Spesielt etter at vi utvida produksjonen i 2009 med ei investering på nær 80 millionar kroner, seier verksdirektør i Bremanger, Steinar Talle.

- Eit kvalitetsstempel

Etter sju-åtte månadar med forhandlingar, kunne Talle fredag sleppe jubelen laus. Avtalen er ei forlenging av det over 20 år lange samarbeidet mellom Elkem Bremanger og Japans største, og eit av verdas største handelskonsern, Mitsubishi. At bilprodusenten no forlengar med seks år, tek Talle som eit kvalitetsstempel. Tidlegare har avtalen blitt forlenga med to og tre år i slengen.

- Mange dyktige tilsette, som kvar dag er oppe til eksamen og leverer eit feilfritt produkt, gjer at vi lukkast i konkurranse med kinseiske konkurrentar. Vi sel på kvalitet og ikkje på pris, seier Talle.

Ikkje råka av finanskrisa

Talle seier at kontrakten gjer at dei no ser seg om etter fem-seks nye medarbeidarar. Alt i alt arbeider det kring 250 personar ved verket i dag.

- På sikt trur vi på større industribygging. Vi ser at også elektronikkindustrien er råka av finanskrisa. Men det er gledeleg å konstatere at det i 2009 ikkje gjeld silisiumsverket. Vi har gått for fullt og hatt to utvidingsprosjekt på 80 millionar kroner, seier han. Etter utvidinga vil Silgrain produsere kring 40 000 tonn silium i året.

Kan firedoble levetida

- Det største er ferdig, og no driv vi med spanande forskingsprosjekt der vi skal lage spesialmateriale til elektriske bilar. Vi har samarbeidspartnar som kan dokumentere at dei kan auke levetida på batteri til elektriske bilar, pc'ar og mobiltelefonar med fire gonger dagens kapasitet ved å bruke vår silisium, held han fram.

Både Talle og ordførar Kåre Olav Svarstad meiner at avtalen er svært viktig for Bremanger og omliggande kommunar.

Må utbetre vegane

Dei meiner at kontrakten no, og Bremanger Elkem sine moglegheiter for ein større fabrikk mot batterisegmentet, aktualiserer 45 minutts regionen for ein større bu- og arbeidsmarknad.

- All produksjonen går ut med trailer, så her blir det meir gods som skal ut med trailer. Då aukar også behovet for å få fortgang i opprustinga, seier Svarstad og rettar ei klar oppmoding til fylkespolitikarane som kommande veke skal handsame saka.