Hopp til innhold

Full utrykking til «tulleslåsting»

Politiet i Førde rykte laurdag etter meldingar om eit masseslagsmål med ti personar involverte. Det viste seg å vere langt mindre alvorleg enn dei første meldingane.

Førde stadion og Førdehuset

FØRDE STADION: Slagsmålet har skjedd anten på Førde stadion eller kunstgrasbanen like ved Førdehuset.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Nokre av dei brukte ordet tulleslåsting om det som skjedde, seier operasjonsleiar Per Rimmen.

Politiet rykte ut med blålys og full fart etter meldingane om at eit masseslagsmål hadde brote ut ved ein fotballbane ved Førdehuset.

– For utanforståande kan det ha framstått som eit slagsmål, seier Rimmen.

Men slik var det slett ikkje. Etter politiet hadde spora opp dei involverte, viste det seg at det var god stemning mellom dei ti personane.

– Det viser seg vel at det ikkje var noko vi klassifiserer som eit slagsmål. Politiet har snakka med dei og alle er vel forlikte, seier Rimmen.

Det blir ikkje oppretta sak.