Hopp til innhold

Fekk melding om seglflystyrt...

Politiet fekk tysdag kveld den dramatiske meldinga om at ei seglfly hadde styrta på ein bø i Vik. Til alt hell viste det seg å ikkje vere fullt så dramatisk.

Flygaren i dette segflyet måtte gjere ei kontrollert nødlanding på ein bø i Vik

NØDLANDING: Det folk frykta var ein styrt var i staden ei kontrollert nødlanding på ein bø i Vik.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Meldinga kom til politiet klokka 20.13, men operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt kunne raskt fortelje at det hadde gått bra med flygaren.

– Vi har ikkje fått snakka med han enno, men han skal vere uskadd, fortalde Hope til NRK.no klokka 20.35.

Det var ein mann i 40-åra som var flygar, og han skal ha vore åleine i seglflyet. Ifølgje Hope skal mannen ha kome frå Bergensområdet, men dei veit førebels ikkje kor han hadde tenkt seg henne.

Politiet hadde tidleg ikkje opplysningar om kva type skader flyet har fått, men like før klokka 21 kunne Hope fortelje at det ikkje hadde vore noko form for dramatikk.

– Flyet er heilt uskadd, og flygaren har gjennomført ei kontrollert nødlanding. Det var ikkje nok varmluft til at han kunne kome seg tilbake til Os der han hadde kome frå, seier Hope til NRK.no.

Brekka ligg eit stykke oppe i Bøadalen, på veg opp mot Vikafjellet.