Hopp til innhold

Fekk melding om naudraktettar

Laurdag kveld fekk hovudredningssentralen og politiet melding om lys på himmelen i Bremanger og Gulen. No ber dei folk vere varsame med såkalla kinesiske lykter.

Flyvende lanterne

KINESISKE LYKTER: Politiet ber folk vere varsame med slike lykter, mange kan oppfatta dei som naudbluss.

Foto: Colourbox

– Det er vanskeleg for oss å vite om det berre er lykter eller om folk er i naud, seier operasjonsleiar Terje Hilland.

Tipsa gjekk på at det kunne vere naudrakettar ved Kalvåg i Bremanger. Men ut frå fargen som var oransje, blei det konkludert med at det truleg var snakk om tende lykter som steig mot himmelen.

Politiet i Hordaland fekk også melding om lys som hang i lufta i Gulen. Enkelte innringarar meinte det kunne vere naudbluss.

Men det er truleg snakk om såkalla kinesiske lykter også her. Politiet seier slike lykter skaper problem og ber folk vere varsame med å sende dei opp.