Hopp til innhold

Trudde hus stod i full fyr, men det var noko heilt anna som brann...

Fleire melde ifrå om at det såg ut som om eit hus stod i brann i Balestrand sentrum like rundt klokka 19.00. Men det skulle syne seg å ikkje vere fullt så alvorleg.

Tende bål

SLØKTE: Det var full utrykking då det kom melding om at eit hus stod i brann i Balestrand. Då brannvesenet kom til staden, synte det seg å berre vere eit stort bål. Dette vart sløkt, då det er mykje vind i området.

Foto: NRK-tipsar

– Vi fekk melding om at det var eit hus som brann i Balestrand klokka 19.07, opplyser vakthavande ved brannalarmsentralen, Jan Gunnar Holvik.

Både brannvesen, ambulanse og politi vart raskt sende til staden, og kunne raskt konstatere at det ikkje var noko hus som brann.

Sløkte bålet

– Vi har akkurat fått tilbakemelding frå våre folk på staden om at det ikkje skal vere noko hus som brenn. Men det skal vere ungdommar som har tent eit stort bål, seier Holvik.

Folk i nærområdet melde ifrå fordi dei såg store flammar i bustadområdet, som ligg nede ved fjorden.

Brannvesenet sløkte bålet då det er sterk vind i området.