Hopp til innhold

Fekk medalje av Kongen for årelang dugnadsinnsats

VASSENDEN (NRK): Karl Russøy jobba i mange år for at kyrkjesenteret på Vassenden skulle bli ein realitet. I dag fekk han Kongens fortenestemedalje.

Karl Russøy

DEKORERT: Karl Russøy vart tildelt kongemedalje for innsatsen han har lagt ned for kyrkjesenteret på Vassenden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det vart ein litt spesiell gudsteneste i dag for Karl Russøy, som fekk Kongens fortenestemedalje, i den kyrkja han sjølv har vore med å opparbeide.

– Det var litt uventa, sjølv om eg hadde fått eit forvarsel om det. Det er omtrent som å redde ein person og få medaljen femti meter frå land, seier han.

For sjølv er han mest opptatt av det arbeidet som står att.

– Det står att ganske mykje å gjere her. Vi har til dømes ikkje få klokka på plass, det må vi få ein plan for. Og orgelet er det mykje arbeid på enno, seier den nydekorerte eldsjela.

Orgelet kosta to millionar kroner, men dei sparte om lag 4.5 millionar ved å gjere ein stor dugnadsinnsats. Russøy pussa 450 metallpiper for hand, og til saman er det 988 piper i orgelet. Mange var med å ta i eit tak for å få det på plass.

Oddmund Klakegg og Karl Russøy

ORDFØRARKJEDE OG KONGEMEDALJE: Ordførar Oddmund Klakegg var stolt over å få overrekke medaljen, på vegner av Kongen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Har skapt noko unikt

Ein stolt ordførar Oddmund Klakegg var den som delte ut kongemedaljen, på vegner av Kongen sjølv.

– Han får medaljen etter ein lang, og veldig engasjert innsats for å bygge Vassenden kyrkjesenter, og å fylle kyrkjesenteret med eitt av dei flottaste orgla i distriktet. Han har ytt noko utover det normale for å bygge lokalsamfunna våre, seier Klakegg.

Han meiner at måten kyrkjesenteret har blitt ein del av samfunnet på, er unikt.

– Å klare å fylle ei ny kyrkje med så mange funksjonar, og gi ei betyding for lokalsamfunnet som denne kyrkja gir for Jølster, det er unikt, seier Jølster-ordføraren.

Heilt til siste liten

Som leiar i stiftinga har Russøy vore primus motor for arbeidet som starta i 1991. Berre arbeidet med det særeige orgelet strekte eg over fem år. Samla sett er det ikkje få tusen timar den tidlegare rektoren ved Vassenden skule har lagt ned i kyrkjesenteret.

Då kyrkja på Vassenden skulle opne i 2002 arbeidde Russøy heilt fram til opninga med å få alt ferdig. Det siste av inventaret vart lakkert dagen før opninga.

Ein liknande situasjon vart det òg fram mot dagen i dag, då Russøy akkurat fekk på plass nye salmetal til opninga av det nye kyrkjeåret.

– Vi måtte til Danmark for å få tak i nye salmetal og det tok litt lengre tid enn vi hadde tenkt. Så det vart veldig knapp tid å få det på plass til første søndag i advent, seier han.