NRK Meny
Normal

Fekk med personleg helsing frå fredsprisvinnaren

Fotograf Geir Birkeland frå Høyanger følgde fredsprisvinnaren Malala Yousafzai tett gjennom nokre hektiske dagar fram til prisutdelinga torsdag 10. desember.

Geir Birkeland og Malala Yousafzai

TETT PÅ FREDSPRISVINNAREN: Portrettfotograf Geir Birkeland og Nobelprisvinnar Malala Yousafzai.

Foto: Kristian Aartun

– Eg har jo vore med ho både på private og offisielle arrangement. Sjølve fredsprisutdelinga sjølvsagt, men og ei samling arrangert av India og Pakistan med mange celebre gjester i tillegg til Malala, og så var eg på ein privat lunsj der Malala og familien hadde invitert sine næraste.

Portrettfotograf Geir Birkeland frå Høyanger bestemte seg for å fotografere Malala etter at han høyrde om hennar si skjebne og kamp etter at ho blei skoten av Taliban fordi ho jobba for at jenter skal få ta utdanning. Ho blei hardt skadd, men overlevde på mirakuløst vis. Før han møtte ho fleste gongen jobba han nesten i eitt år for å få det til.

Ei ny verd

Denne gongen vart han beden av Aamir Javed Sheik og 14. august komiteen om å fotografere. Sjølv om Birkeland har fotografert under store arrangement tidlegare og er vane med hektiske program så var Nobelprisutdelinga ei heilt ny verd å stige inn i.

– Eg veit rett og slett ikkje heilt korleis eg skal beskrive det. Eg hadde jo litt problem i starten med å forstå korleis eg skulle opptre og fekk ein liten peikefinger av PST innimellom, men på slutten å gjekk jo det også kjempefint. Til slutt så sa jo ein av sjefane i PST at no kjenner vi andletet ditt så godt at så lenge du har akkrediteringa så veit vi kven du er.

Aamir Javed Sheik og dottera Arina og Nobelprisvinnerne Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi

FREDSPRISPRISEN 2014: Leiar for 14. august komiteen Aamir Javed Sheik og dottera Arina, og Nobelprisvinnarane Malala Yousafzai og Kailash Satyarthi.

Foto: Geir Birkeland

Fekk med helsing

For Birkeland blei det nokre hektiske dagar med tett program frå klokka 0900 om morgonen til 22–23 om kvelden, og han har rett og slett ikkje fått tid til å reflektere skikkeleg over det han har vore med på. Men noko han er spesielt glad for er helsinga han har fått med heim til elevane ved Høyanger vidare gåande skule der han jobbar.

– Eg jobbar jo som elevassistent på Høyanger vidaregåande skule, og dermed så jobbar jo eg også tett på ungdommar som er på same alder som Malala. Ho er jo svært oppteken av ungdom og utdanning.

Birkeland tok difor med seg skulekatalogen frå Høyanger Vidaregåande i håp om at Malala kunne skrive ein autograf. Det gjorde ho, men skreiv i tillegg ei lang og flott helsing til som kunne vere ein motivasjon for elevane i Høyanger.

– Vi prata jo litt om det, og det er klart at i Pakistan har dei heilt andre problem i forhold til skulen, spesielt jentene. Så det er ikkje samanliknbart. Berre i Swat-dalen der ho kjem frå så har jo Taliban sprengt 140 skular. Og jentene får jo ikkje gå på skule.

– Korleis trur du elevane dine vil reagere når du kjem heim med katalogen og helsinga.

– Eg har ringt og snakka med rektor Torhild Torbjørnsen og fortalt ho om helsinga og at eg fekk jo tatt eit fint bilete av ho medan ho skreiv denne helsinga. Det biletet har eg tenkt at skulen skal få i lag med katalogen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser