Hopp til innhold

Torsdag fekk dei signala dei ville ha

Første skuledag stod dei rasvakt for skuleborna sine. Torsdag kveld fekk Olav Rune Haugen og Tanja Hage etterlengta veglovnader frå fylkespolitikarane.

Foreldre står rasvakt ved Ugla.

STERKE SIGNAL: Etter fleire ras stilte foreldra rasvakt for skulebussen første skuledag i haust. Her er det

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det skjedde under eit folkemøte på Olden skule der ein tverrpolitisk fylkestingsbenk stadfesta kor viktig det er å få rusta opp riksveg 15 mellom Olden og Innvik.

Ras, trafikkulukker og til dels kaotiske tilstandar sommarstid har prega den mykje omtala vegen i Nordfjord siste åra.

– Vi fekk vite at det ligg inne ei løyving i budsjettet for 2013 til behandling i finansutvalet, det er snakk om fem millionar kroner til forprosjektering på Ugla–Skarstein, seier ein av initiativtakarane, Olav Rune Haugen.

Trur på 2015

Dette gjorde at lokalbefolkninga stilte som rasvakt første skuledag i haust, for å markere viktigheita med å få ferdigstilt heile opprustingsarbeidet.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Aksjon i Olden Innvik for rasfarleg veg

SJÅ TV-SAK: Foreldre aksjonerte for ein tryggare skuleveg.

Haugen skildrar møtet torsdag kveld som godt, med stort oppmøte, entusiastisk publikum og med fylkespolitikarar på plass.

– Signala frå eit tverrpolitisk panel var at dette vil gå igjennom. Før møtet torsdag var det kanskje ein våt draum å få Olden–Innvik ferdig utbygd i 2015. No meiner vi det er realistisk å få det til, seier han.

Trur på meir midlar

For signala frå fylkespolitikarane var positive. I tillegg til løyvingar i neste års budsjett, fekk forsamlinga stadfesta at politikarane har gjeve vegen uomtvisteleg førsteprioritet blant fylkesvegutbyggingane.

Dette meiner Haugen er viktig med tanke på rulleringa av NTP og å få på plass naudsynte midlar til sluttføring av Ugla–Skarstein.

– Det vi manglar er ei startløyving for 2013, som vi meiner at vi må klare å finne i budsjettet for 2013. Det er ikkje snakk om store pengar, men snakk om å finne eit titals millionar for å halde oppe trykket på prosjektet, seier Haugen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Stort ras mellom Olden og Innvik

SJÅ TV-SAK: Stort ras mellom Olden og Innvik.

Parallelt arbeid

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) seier at det er ei kjensgjerning at fylket manglar midlar til strekka Skarstein–Ugla.

– Men det er viktig å få sett i gang prosjekteringa parallelt med arbeidet i dag. Då er vi i posisjon til å starte opp så snart vi klarer å få midlar, seier Kjelsnes og legg til:

– Ambisjonen vår er å klare å halde utbygginga i kontinuerleg drift, seier ho.

– Elendig forfatning

– Vegen er i elendig forfatning. Vi er redde for å sende pendlarar, ungar og trafikantar generelt ut på vegen, held Haugen fram og fortel at dei no ynskjer å vere tidleg ute med tanke på å kunne påverke arbeidet framover mot fylkestinget i desember.

Saman med fylkestingspolitikarane vonar dei å overtyde sentrale vegstyresmakter om at dei må halde framdrifta av arbeidet.

– Geologar seier at den utbetringa som blir gjort no, vil gjere vegen noko sikrare i fire til seks år. Til helga opnar Kvivsvegen og set trafikk frå ein riksveg og rett inn på ein fylkesveg som ikkje held standard. Det forpliktar også sentrale styresmakter å løyve midlar, avsluttar Haugen.