Hopp til innhold

Fekk låne politibil - men den passerte ikkje teknisk kontroll...

Politiet i indre Sogn fekk i sommar låne ei såkalla maje frå nabopolitidistriktet, for å avhjelpe ein prekær bilsituasjon. Bilen passerte ikkje teknisk kontroll - og vart i dag returnert til Hordaland politidistrikt.

Magne Knudsen

MANGLAR BIL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier bilsituasjonen i indre Sogn går ut over politiarbeidet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Jau, det stemmer nok det, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Han var tysdag ettermiddag på veg til Bergen for å returnere maja, ein uniformert utrykkingsbil av typen Mercedes Vito som har celle for transport av krevjande passasjerar.

Problema for politiet i indre Sogn starta då den majaen dei hadde, havarerte i ei rundkøyring.

– Dermed mangla vi ein bil av den typen her i Årdal, Lærdal og Aurland. Vi fekk låne ei frå Sogn, men denne synte seg å vere så utsliten og gjennomrusta at den vart avskilta, seier Knudsen.

Alarmen ulte døgnet rundt

Hordaland politidistrikt var då velvillige for å hjelpe kollegaene i Sogn og Fjordane i ein fortvila situasjon og sende oppover ein Mercedes 2009-modell som hadde runda 250.000 kilometer.

– Alarmen i bilen gjekk av i hytt og pine, til alle døgnets tider. Vi fekk teke ein teknisk sjekk på bilen, og då fann verkstaden feil og manglar som måtte reparerast for 50.000 pluss, seier Knudsen.

Rustangrep på politibil.

GJENNOMRUSTA: Den eine majaen i Sogn var så gjennomrusta at den ikkje passerte teknisk kontroll. Denne er no avskilta og på veg til bilopphoggaren.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sidan bilen høyrer til Hordaland politidistrikt, er det dei som må ta avgjerda på om bilen skal reparerast eller ei, og kor reparasjonen skal skje.

– Difor er bilen no på veg til Bergen att. Og der blir han nok, seier Knudsen.

SJÅ: Tv-sak frå Vestlandsrevyen (13. okt) om bilsituasjonen i politiet:

I Selje må politiet ringje etter taxi, dersom dei må rykke ut.
Lensmannskontoret har nemleg ikkje tilgang på politibil.

Har Mondeo med pusteproblem

Årdal, Aurland og Lærdal har vaktsamarbeid, men manglar ei maje. Det står heller ikkje strålande til med resten av bilparken.

– Vi har ein sivilbil i Årdal, ein uniformert bil i Aurland og to uniformerte i Lærdal. Men den eine bilen i Lærdal, ein Mondeo, har pusteproblem, seier Knudsen, med eit smil.

Mondeoen står i skrivande stund på verkstad på grunn av at batteriet stadig vert tappa ut.

– Vi kan ikkje like godt køyre rundt med ekstra batteri. Det er det næraste vi kjem rullator, seier Knudsen, som føler bilparken går utover jobben politiet skal gjere.

– Det går ut over jobben både fordi det er utfordrande å komme seg frå A til Å, men også fordi vi manglar beredskapsbil og må køyre til Lærdal eller Aurland for å låne, seier Knudsen.

POD har ikkje svart på spørsmål

Politimeister Ronny Iden er kjent med tilstanden til politiets bilpark i fylket, og innrømmer at han ikkje er stolt.

– Eg hadde gjerne sett at ting var annleis, men vi kan ikkje kjøpe bilar for pengar vi ikkje har. Det er den brutale verkelegheita, seier Iden.

NRK har i fleire dagar forsøkt å få ein kommentar frå Politidirektoratet, utan å lukkast.

Politisk leiing i Justisdepartementet har ikkje høve til å stille til intervju. Men statssekretær Vidar Brein-Karlsen uttalar følgjande:

– Vi føreset at POD og den einskilde politimeister sørgjer for at tenestemenn har det naudsynte utstyr og materiell til å gjere den innsats som er forventa i løysinga av dei ulike oppdrag.