Hopp til innhold

Fekk tidenes 20-årspresang – vart utteken på U21-landslaget

Sogndalspelar Eirik Skaasheim fekk tidenes 20-årspresang då han fekk telefon om at han er utteken på det nye U21-landslaget. Også lagkamerat Gustav Valsvik er utteken.

Eirik Skaasheim

DEBUTERER: Sogndalspelar Eirik Skaasheim frå Balestrand fekk tidenes bursdagspresang då han vart utteken til U21-landslaget i dag.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

– Det var ein glimrande bursdagspresang, seier Skaasheim, som fekk telefonen om lag klokka 13.20.

Han røper at han vart litt overraska då han forstod kva telefonen innebar.

– Ein blir litt paff når ein får slike beskjedar, men det var ein kjekk beskjed å få. Eg vart litt sett ut, men tok meg fort inn att. Dette blir utruleg kjekt, seier Skaasheim.

Hadde ikkje store forhåpningar

Han har tidlegare spelt ein kamp for U19-landslaget, og håpte han kunne vere aktuell for U21. Men at telefonen skulle komme i dag, på 20-årsdagen, hadde han ikkje trudd.

– Eg visste at det skulle komme eit uttak, men eg hadde ikkje så store forhåpningar. Men jammen fekk eg plass, seier Skaasheim.

Han legg ikkje skjul på at det er ein kjempesjanse å få lov til å vere med på U21-landslaget.

– Det er kjempekjekt å få vere med å representere landet vårt i slike kampar. Det er også kjekt å få moglegheit til å vise seg fram på ein endå større arena, så det er ei kjempemoglegheit, samt mykje god læring for meg, seier Skaasheim.

Han legg til at det også er godt for sjølvkjensla å bli utteken.

– Det er klart det gir sjølvkjensla ein boost. I tillegg blir det ei veldig kjekk oppleving, seier Skaasheim.

Spelar kamp 6. februar

Også Sogndal-spelar Gustav Valsvik er utteken på U21-landslaget.

– Han er ein kjempekar, og det er ei ekstra tryggleik å ha med han, seier Skaasheim.

Dei har førebels ikkje fått dato for første treningssamling.

– Eg veit berre at vi skal spele ein kamp i Istanbul 6. februar. Det er i grunn alt eg veit, seier Skaasheim.

Han er nett tilbake etter ei vekes treningsopphald på Gran Canaria, og fortel om stigande form.

– Vi har hatt ein del tøffe treningar, så forma tek til å komme på plass, seier Skaasheim.