Hopp til innhold

Fekk krigsminnemedaljen

Arne Øvrebotten og Oddbjørg Sørbotten frå Bremanger har i dag fått krigsminnemedaljen for innsatsen under 2. verdskrigen.

Oddbjørg Sørbotten, Audun Åge Røys og Arne Øvrebotten

DELTOK I MOSTANDSARBEID: Arne Øvrebotten og Oddbjørg Sørbotten fekk medalje for krigsinnsatsen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– I år er det 70 år sidan andre verdskrigen slutta, og i høve dette vil regjeringa dele ut ein minnemedalje til attlevande veteranar som gjorde ein innsats for aktiv motstand mot okkupasjonsmakta. Dette er viktig og for å halde minna om denne trengselstida levande, sa ordførar Audun Åge Røys i Bremanger, i samband med utdelinga.

"Snowflake"

Arne Øvrebotten

HOVUDKONTAKT: Arne Øvrebotten var ein viktig medlem av motstandsorganisasjonen «Snowflake» under krigen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Arne Øvrebotten og Oddbjørg Sørbotten sette hausten 1944 - mai 1945 alt inn i teneste for organisasjonen "Snowflake" saman med resten av familien. Før det hadde dei husa Ragnar Ulstein med radiosendar under operasjon "Trace"

I sep. 1944 tok familien i dekning ei Lingegruppe på flukt.

Oddbjørg Sørbotten

VAR BERRE 15 ÅR: I dag vart Oddbjørg Sørbotten heidra med medalje.

Foto: Randi Indrebø / NRK

– Utan familiens djerve innsats under operasjon Snowflake, ikkje minst av Oddbjørg som då var 15 år, ville Gestapo kunne teke mange sentrale fangar og nådd fram til radiosendar og leiinga i Snowflake med fatale konsekvensar for Milorg i distriktet, skriv Ragnar Ulstein i si tilråding.

«Djerv innsats»

Ragnar Ulstein er den siste attlevande av soldatane frå Kompani Linge som opererte i Sogn og Fjordane.

– Arne Øvrebotten var ein av hovudkontaktane til «Snowflake». Han og alle i familien, faren Torbjørn, mora Magna og søstera Oddbjørg sette hausten 1944 – mai 1945 alt inn i teneste for organisasjonen «Snowflake», seier Ulstein.

Medaljene

SLIK SER DEI UT: Krigsminnemedaljen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Tidlegare på året, i januar-mars 1944, opererte han med radiosendar under operasjon «Trace» frå eit rom i huset til Torbjørn og Magna. I september 1944 tok familien i dekning ei lingegruppe på flukt, dei hadde delte i «Operasjon Sleeping Beauty». Familien skaffa dei kontakt til ein etterretningsstasjon som varsla London for å henta gruppa tilbake til Shetland.

– Eg er den einaste som lever av lingekarane som opererte i Sogn og Fjordane. Både Torbjørn og Arne var særleg viktige medarbeidarar for ”Snowflake” og Milorg. Eg tilrår at alle i denne familien blir heidra, dei to som ennå lever, Arne og Oddbjørg. Dei to som er gått bort, Torbjørn og Magna, post mortem, seier Ulstein.