Hopp til innhold

Fekk kreftdiagnose i januar, men stiller i NM

Skiskyttaren Jarle Midthjell Gjørven stiller i NM i Sirdal. Akkurat det rekna han ikkje med i januar.

Jarle Midthjell Gjørven

BLEI SJUK: Jula blei heilt annleis enn han hadde sett for seg.

Foto: Rune Fossum / NRK

For vesle julaftan gjekk han til fastlegen sin etter at han ei stund hadde gått og kjent på smerte i den eine testikkelen sin, skriv fjordingen.no.

Fastlegen gav klar beskjed: Noko var gale. Dermed fekk han ei julehelg med tankar som krinsa om heilt andre tema enn julefeiring og skiskyting. Ei ultralydundersøking vesle nyttårsaftan stadfesta mistanken.

Den lovande skiskyttaren frå Stryn reiste likevel på renn første helga i januar, men på fredag 2. januar fekk han telefon frå sjukehuset på Lillehammer. Han skulle opererast måndagen etter.

Operasjonen gjekk greitt, og etter ei veke fekk han vita at svulsten som var operert vekk hadde vore vondarta. Men for eit par veker sidan fekk han beskjed om at kreften ikkje hadde spreidd seg.

Har hatt tunge stunder

Dermed stiller han på senior-NM i Sirdal denne veka. Han var med på eit norgescuprenn i Alta sist helg og vart nummer fem etter å ha vore nummer to ut frå siste skyting.

– Eg går litt saktare enn konkurrentane mine no, men eg veit jo kvifor, seier han til fjordingen.no.

Til avisa fortel han at han har hatt sine tunge stunder.

– Men eg har prøvd å ikkje sleppe dei tunge tankane til så mykje. Trening og konkurransar har vore med på å halde dei på avstand.

Og i NM stiller han utan store forventningar til plassering, målet er å skaffe seg verdfull trening framfor neste sesong.