Hopp til innhold

Fekk kreativ trast som nabo

Trasten søkte ikkje om byggjeløyve, men sette i gang med reiret - og flytta inn.

Kreativ reirbygging i Bogevikja i Holmedal.

Kreativ reirbygging i Bogevikja i Holmedal.

Foto: Kjell Roset

Då Kjell Roset frå Stryn skulle starte våronna kring hytta si i Holmedal, oppdaga han trasten på toppen av rivehovudet.

- Reiret var også infiltrert i ei blåse som vi brukar til båten, så no får vi ikkje brukt verken riva eller blåsa før egga er klekte, seier Roset til firda.no.

Fast gjest

Trasta la fem egg i reiret ved inngangsdøra.

I reiret ved inngangsdøra la trasta fem egg.

Foto: Kjell Roset

Riva heng på veggen ved inngangsdøra, og i reiret var det fem egg. Kanskje ikkje så rart at trasten var misnøgd då Roset kom til hytta fredag kveld. Han fortel trasten har vore der i fleire år, men at ho no kjem stadig nærare å flytte inn i hytta.

  • Har du artige historier og gode bilete frå dyreverda? Tips oss eller send tekstmelding/MMS med kodeord TIPS til 1987.

- Både i fjor og året før, og eg trur året før der igjen, har ho vore der. Då bygde ho reir på eit vedalag, men no hadde det minka så då bygde ho oppe på rivehaudet høgt oppe på veggen. Det er tydeleg at ho likar seg der, seier han til NRK.

Ikkje uvanleg

At fuglar og dyr tek seg til rette på dei mest utrulege måtar er ikkje uvanleg. Magni Solheim fortel om ei ære som i fjor bygde reir og la tre egg i ein mugge i garasjen.

- Vi skal ikkje bli forbausa over at fuglane finn nokre av våre konstruksjonar som ein betre plass å bygge reir. For dei er det snakk om å bygge der det trygt og godt, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad.

- Må ikkje flytte

Til dømes kattuglene er på jakt etter hole tre når dei legg seg i ein peis eller nederst i ein skorstein.

- Når dei finn ein skorstein, tykkjer dei det var glupe saker og smett nedi. Nokre gonger legg dei egg, og blir liggande å «hoste» når vi fyrer opp, fortel Folkestad.

Roset har ingen planer om å flytte trasten og hennar fem egg. Den avgjerda stør Folkestad.

- Ein skal vere lynande forsiktig med å flytte reiret til slike fuglar. Dei er knytt til det dei sjølv har laga, og blir det forandra på så finn dei ikkje ut av det, seier han.