Hopp til innhold

Fekk køyre vidare

Lastebilen som vart stogga på E39 ved Moskog i Førde tidlegare i dag, hadde ingen tekniske manglar som skulle føre til vinglete køyring. Politiet rykte ut då dei fekk melding frå publikum. Det var ikkje mistanke om rus, og Statens vegvesen vart bedne om å undersøke bilen. Den utanlandske føraren fekk likevel beskjed om å rette opp ein del andre tekniske manglar når han kom heim.

Lastebil stogga ved Moskog
Foto: Oddleif Løset / NRK