Hopp til innhold

Fekk konsesjon til å bygge verdas største oppdrettsanlegg på land

Nekst AS har fått grønt lys til å bygge verdas største landbaserte oppdrettsanlegg i Florø. Fisk på land har det betre enn i merdar i fjorden, seier selskapet.

verdas største landbaserte oppdrettsanlegg

KJEMPEANLEGG: Slik ser Nekst for seg at oppdrettsanlegget skal sjå ut.

Foto: NEKST AS

Anlegget som blir lagt til Botnastranda rett utanfor Florø, vil forureine mindre i omgjevnadane og vere betre for fisken, ifølge Kjell Audun Aasen, som er partnar i Nekst.

– Vatnet i anlegget blir gjenbruket, og møkk og avfall blir filtrert ut og brukt til biodrivstoff og gjødsel, seier Aasen.

I tillegg vil dei kunne kontrollere temperaturen og kvaliteten på vatnet, som igjen skaper optimal fiskevelferd.

Samarbeid med lokal kunnskap

Det store anlegget vil bestå av fleire, store betongbasseng som fiskane skal bu i. Anlegget vil vere eit såkalla postsmoltanlegg.

Det vil seie at fisken blir verande i anlegget til dei er ein kilogram store. I meir tradisjonelle settefiskanlegg blir fisken overført til matfiskanlegg når den er 100 gram. Aasen ventar at prosjektet vil gi mange, nye kompetansearbeidsplassar til Florø, men han vil ikkje seie enno kor mange.

– Både til sjølve anlegget og underleverandørar treng kompetansearbeidsplassar. Det er eit komplekst system, seier han.

Selskapet er derfor i kontakt med lokale kunnskapsmiljø.

– Vi har snakka med vidaregåande skular og lokale universitetsavdelingar for å sikre oss folk med kunnskap på dei rette områda, seier Aasen.

Det som skjer no er vidare design av anlegget, det er ein prosess som i alle fall vil ta eit år, ifølge Aasen.

Rask søknadsbehandling

Han er glad for at dei no kan komme i gang med prosjektet, og han fortel at det gjekk fortare å få konsesjon enn dei hadde rekna med.

– Prosjektet er veldokumentert og gjennomarbeidd, og alle aspekt var gjort greie for, fortel Fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, Jan Heggheim, om søknadsprosessen.

Nekst arbeider no med å finne finansielle partnarar for prosjektet. Dagens Næringsliv skriv at dei treng to milliardar kroner for å bygge anlegget, som vil vere større enn 12 fotballbaner.