Hopp til innhold

Fekk knipsa rosa nordlys

Trudde du at nordlys berre opptrer i grønfarge? I Sogn valde lyset den rosa kjolen onsdag kveld.

Raudt nordlys

ROSA NORDLYS: Dette biletet vart teke frå Vindedal mot Kaupanger onsdag kveld.

Foto: Roy Trulssen

Roy Trulssen, som bur i Vindedal i Lærdal kommune er opphaveleg frå Nord-Norge, og han er meir enn gjennomsnittleg interessert i nordlys.

Då han onsdag kveld såg fargespelet på himmelen over Kaupanger var han ikkje sein om å finne fram kameraet.

Og nordlys som ikkje er grønt har han sett tidlegare.

– Det er meir vanleg i Sør-Norge enn i Nord-Norge, for i nord er det grøne så kraftig at overskuggar det raude.

– Kor ofte er du ute og ser etter nordlys?

– Så ofte som mogeleg.

– På rett plass til rett tid

Denne hausten har ikkje vore ideell vêrmessig for dei som likar å sjå på dette naturfenomenet.

– Det har ikkje vore dei beste tilhøva, men om du er på rett plass til rett tid og får eit lite hol i skylaget kan du faktisk få gode bilete av det og.

– Er du mellom dei som sit ute natt etter natt i håp om å få eit glimt av nordlyset?

– Ja, eg må berre innrømme det - eg er nok kanskje av dei. Eg er frå Nord-Norge, så eg er van med det, det er litt meir eksklusivt her i Sør-Norge.

Flottaste nordlysbiletet

Nordlys over Stødnoåsen i Lærdal

DET ALLER BESTE: Dette biletet tok Trulssen frå verandaen sin mot Stødnoåsen i Lærdal.

Foto: Roy Trulssen

– Det finaste eg har sett såg eg 16. april i år. Det såg eg frå verandaen min, rett før eg skulle legge meg. Det dansa fram og tilbake over heile himmelen, mykje grønt og litt blått og rosa innimellom. Det kan ikkje forklarast, du må sjå det sjølv, seier Roy Trulssen.

– Raraste eg har sett

Også Truls Kleiven i Florø fekk fanga inn ein uvanleg farge på nattehimmelen. Der var det klokka 02.30 i natt ein sterk raudfarge mellom skyene.

– Dette er noko av det raraste eg har sett. Det såg ut som ein tidsmessig malplassert solnedgang. Fenomenet varte i ca. 5 minutt, før det gradvis forsvann, skreiv Kleiven på Facebook.

Han la til Gjøa-plattformen ligg lenger sør, slik at lyset ikkje kan kome derifrå.

– Andre har sagt at det kan stamme frå gassflammen på Visund-feltet, men det er langt ute i havet, det er meir enn ein halv time med helikopter ut frå Florø. Andre igjen meiner det kan vere avspegling av nordlys i havet. Uansett var det fascinerande å sjå på, seier Kleiven.

Raud nattehimmel over Florø

RAUDFARGA: Dette biletet vart teke i Florø torsdag kveld.

Foto: Truls Kleiven