Sola stod høgt og det kalde friske vatnet lokka. Familien hadde bada ein gong tidlegare i vatnet, og då hadde Randi Laila fått nokre stikk-liknande merker oppetter beina. Så ho trudde det var myggen som var syndaren, så neste badetur skulle i alle fall ikkje den få forsyne seg så lett.
Men det Randi Laila ikkje visste var at nettopp det å vere lenger i vatnet skulle gjere situasjonen verre. Om kvelden begynte det å hovne skikkeleg opp.
Foto: Reidar Mehl
Parasitt hadde skulda
Smittevernlege i Førde, Thomas Fölcher, seier dette dreier seg om ein parasitt som trivast svært godt i stilleståande ferskvatn. Cercariedermatitt, eller svømmekløe, er namnet på utslettet som oppstår når parasitten går til åtak.
Finst botemiddel
Kløen skal i følgje legen ikkje vare meir enn i ei veke, men Randi Laila klør for snart fjerde dag på rad, kanskje fordi den allergiske reaksjonen blir verre for kvar gong huda blir utsett for parasitten. Men det går an å kjøpe antihistamintablettar eller smøre seg med kløe-lindrande middel. Eller så må ein kanskje unngå dei varme ferskvassområda der parasitten trivast spesielt godt.