Hopp til innhold

Fekk kjempekveite i Balestrand

Ein eldre tysk turist fekk sannsynlegvis sitt livs fiskeoppleving då han skulle prøve å pilke litt frå båt i går ettermiddag.

Kveite i Balestrand

STOR KVEITE: Denne store kveita vart fanga i Balestrand i går ettermiddag.

Foto: privat

– Han brukte litt meir enn tre timar på å slepe fisken etter båten, før han fekk tak i nokon, og fekk hjelp til å få halt han på land. Det fortel Sølvi Eraker som driv Kallestad hytter i Balestrand.

Ho tek i mot mange tyske turistar på hyttene nokre kilometer frå Balestrand sentrum, og mange har lyst til å prøve å fiske litt i fjorden.

– Denne tyskaren reiste ut åleine, og brukte ein slik gummifisk som er blitt veldig populær å pilke med no for tida. Etter at den store kveita beit på, vart det ein veldig kamp for å få han opp.

Den tyske turisten har ikkje høve til å uttale seg til NRK, men har gitt løyve til at bileta kan bli brukt.

stor kveite

NØGD: Tyskaren som fanga den store kveita var godt nøgd med fisketuren sin ved Kallestad i Balestrand.

Foto: privat

Omfattande sløyearbeid

Kjempekveita er om lag 190 centimeter lang, noko som ikkje ser ut til å vere noko særleg mindre enn fiskaren. Eraker fortel at ei av dei største utfordringane var kva dei skulle gjere med den store fisken.

– Han hadde ikkje høve til å ta med seg ein så stor fisk vidare, så vi måtte bli kvitt kjøtet på ein eller annan måte. Og så måtte vi ha hjelp til å sløye fisken ganske fort. Vi ringde først litt rundt til hotella her, men fekk etter kvart hjelp av ein fiskar som kom og hjelpte til.

Når dei fekk hjelp synte det seg at det ikkje var så vanskeleg å sløye ein så stor fisk, men likevel tidkrevjande.

– Det var vel litt over midnatt vi var ferdig med sløyinga, så den vart ein sein kveld i går, fortel Eraker.

Har vore dårleg fiske i fjorden

Det er populært blant turistane å låne seg fiskeutstyr og båt i Balestrandfjorden, så no håpar Eraker at fiskehistoria kan inspirere andre til å prøve fiskelukka.

– Det har eigentleg ikkje vore ein god sesong for fiske endå i år, men no tok det jo seg betydeleg opp her. Dette lovar jo godt.