Hopp til innhold

Slik såg låret hans ut etter fantom-løpet

Øyvind Strømmen Kjerpeset (21) frykta det verste då han såg ned på det venstre låret sitt etter fantomløpet der han sette ny personleg rekord.

Kul på beinet

VART REDD: Øyvind Strømmen Kjerpeset frykta det verste då han såg kulen vekse fram på låret.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Eg vart litt uroa i starten, for kulen var ganske stor, seier Kjerpeset til NRK.no.

Men etter ein tur til fysioterapeut er florøværingen langt mindre bekymra for at kulen skal lage krøll for kanonformen.

– Fysioterapeuten meiner det berre er ei lårhøne. Eg har sikkert komme borti ein hekk, men slikt kjenner ikkje eg når eg spring, seier Kjerpeset.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

Øyvind Strømmen Kjerpeset. Foto/redigering: Ole André Rekkedal

Måtte stå over 200 m

Han står over 200 meter hekk som han skulle ha sprunge litt seinare i dag. Men han er rimeleg sikker på at han er på startstreken på Bislett Games torsdag, som planlagt.

– Det er ein slagskade som er lett å handtere. Fysioterapeuten seier han er vekk til måndag dersom eg gjer som eg får beskjed om, seier Kjerpeset.

Stortalentet frå Florø ser fram mot det som fort kan bli tidenes sesong. I dag sette han ny personleg rekord, og sjølv om han ikkje klarte å ta norgesrekorden på 50,67, er han godt nøgd med ny pers på 50,86.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

KVALIFISERT: Marte Rygg Årdal tok andreplass i sleggje med 60,49 meter og kvalifiserte seg dermed til U23-EM. Foto/redigering: Ole André Rekkedal

– De skulle så gjerne sprunge bittelitt fortare i dag. Eg hadde ein draum om norgesrekord på heimebane, seier Kjerpeset.

Men han er ikkje skuffa, tvert om. Vind og låge temperaturar gav heller ikkje optimale forhold.

– Eg er veldig nøg. Dette var ei veldig positiv oppleving. Det er store ting i vente, lovar Kjerpeset.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

FIN DRIV: Kristi Strømmen Kjerpeset hoppa 5,55 i lengde og hamna på andreplass. På 100 m hekk tok ho ein fin 5. plass på 14,40. Foto/redigering: Ole André Rekkedal

Ligg godt til rette for resten

Kroppen fungerer optimalt og svarer godt på utfordringane, og det gjer florøværingen sugen på stemna som ligg føre.

– Alt er supert. Både når det gjeld fart og uthaldenheit. Alt er over venta, så det ligg godt til rette for resten av sesongen, seier 21-åringen.

Han har også sluppe unna skadar i sesongoppkøyringa, noko han meiner betyr mykje.

– Svara vi har fått no fortel oss at vi tydelegvis har treng veldig riktig, seier Kjerpeset.

Created by InfoDispatcher

VANN SLEGGJEKAST: Trude Raad tok førsteplass i sleggje med 60,59 meter. Foto/redigering: Ole André Rekkedal