Fekk kjeft av politiet

Ein utanlandsk vogntogsjåfør måtte tole kjeft frå politiet etter at dei fekk melding om farleg køyring mellom Flåm og Aurland. Politiet la seg på hjul etter at ein innringar meinte vogntoget tok stygge forbikøyringar og hadde høg hastigheit. Politiet sjekka både mogleg promille og førarkort, og der var alt i orden. No blir vogntoget kontrollert av Statens vegvesen.