Hopp til innhold

Fekk inn nesten ein million meir enn i fjor

Innbyggarane i Sogn og Fjordane gav 5,7 millionar kroner til årets TV-aksjon. Det er nesten ein million kroner meir enn det som vart samla inn under TV-aksjonen i fjor.

TV-aksjonen

GAV MEIR ENN I FJOR: Her er Anne Grøttebø og Renate Fossen i full gang med å telje pengane som vart samla inn i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Eg er svært nøgd. Det har vore ei unik helg og vi har fått ei kjemperesultat, seier Kristin Sandal som er fylkesleiar for TV-aksjonen.

I år går pengane frå TV-aksjonen til Røde Kors. Totalt var det kome inn 220 millionar kroner då aksjonen vart avslutta ved midnatt sundag. Det er fleire titals millionar meir enn i fjor, då innsamlinga gjekk til Regnskogfondet.

– Eg er både rørt, stolt og takknemleg, seier Arve Sandal som er Sogn og Fjordane Røde Kors sin representant i Fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen.

Arve Sandal

STOLT OG TAKKNEMLEG: Arve Sandal er Sogn og Fjordane Røde Kors sin representant i Fylkesaksjonskomiteen for TV-aksjonen.

Foto: Arve Ullebø/Rein luksus

Sogn og Fjordane er fylket med høgast innsamla resultat per innbyggar, med over 52 kroner per innbyggar.

– Det store engasjementet med arrangement, stands og ikkje minst nok bøsseberarar til alle hus, forløyste gjevargleda i fylket. Eg vil takke kvar og ein for bidraget de har gitt til menneske fanga av krig og konflikt, seier han.

– Vi ser at dei åra pengane går til dagsaktuelle formål, som ein gjerne ser i nyheitene kvar dag, så gjer det og noko med gjevargleda, seier Kristin Sandal.

To over hundrelappen

I snitt gav kvar innbyggar i Sogn og Fjordane 52 kroner til TV-aksjonen. Dei rausaste innbyggarane finn vi i Solund og Aurland. I Aurland gav kvar person 117 kroner i år mot 63 kroner i fjor. I Solund var snittet på 109 kroner i år.

Video Fylkesaksjonsleder i Sogn og Fjordane Kristin Sandal

KJEMPERESULTAT: Kristin Sandal, som er fylkesleiar for TV-aksjonen, er godt nøgd etter årets innsamling.

Foto: Nyhetsspiller

– I mi tid i TV-aksjonen kan eg ikkje hugse at vi tidlegare har hatt to kommunar som har lege på over hundrelappen, seier Sandal.

– Har du noko forklaring på kvifor ein ser så stor auke som vi har sett til dømes i Aurland?

– Då trur eg du må spørje nokon i Aurland om, men Røde Kors står sterkt i fylket. Vi har mange lokallag og mange frivillige. Det er stort engasjement gjennom heile året, seier Sandal.