NRK Meny
Normal

Fekk ikkje uttale seg

Innbyggjarane i Sløvåg er provoserte over at arbeidet etter Vest Tank-ulukka vart evaluert av myndigheitene i går, utan at dei fastbuande var inviterte.

Eksplosjon Sløvåg
Foto: Kåre Ness

Åtte offentlege aktørar, deriblant Statens Forureiningstilsyn og politiet, var i møte om eigen innsats etter ulukka i mai.

Det var eit møte Torgeir Eide, som bur i Sløvåg, gjerne skulle vore med på.

- Har vårt syn

- Vi har vårt syn på saka og, og kunne godt tenkt oss å vere med på å evaluert. Ikkje minst vore i lag med dei offentlege instansane som var på møtet, seier han.

Men verken Torgeir Eide eller andre fastbuande i Sløvåg var på gjestelista då eksplosjonsulukka ved Vest Tank vart evaluert på eit møte i Tønsberg i går.

Rundt møtebordet sat representantar frå Statens Forureiningstilsyn, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Kystverket, fylkeslegen, Folkehelseinstituttet, Mattilsynet, politiet og Gulen kommune.

Provoserande, meiner Eide.

- Vi fekk høyre gjennom avisa at det skulle vere eit evalueringsmøte og at kommunen var invitert. Men det kunne og vore interessant at Eidsbotten Vel hadde hatt ein representant på det evalueringsmøtet. Sidan vi har vore så sterkt inne i biletet her, seier han.

Legg seg flat

Og det er avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Torill Tandberg, heilt samd i. Ho legg seg langflat for kritikken, og seier seg lei for at dei ikkje tenkte på dei. Ho syns det er positivt at velforeininga hadde hatt lyst å vere med, fordi det er viktig å høyre på kva befolkninga har opplevd. Ho vil eventuelt komme tilbake til dei, og invitere til eit møte. Men i fyrste omgang ville Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap sjå på korleis styresmaktene hadde handtert dette, seier ho.

Den endelege evalueringsrapporten vert lagt fram seinare i haust. Torgeir Eide trur dårleg informasjon frå styresmaktene i etterkant av ulukka vil prege den rapporten. 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.