Hopp til innhold

Bad om 15.000 kroner, men fekk avslag - må kutte sorggruppe for etterlatne etter sjølvmord

LEVE i Sogn og Fjordane søkte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om 15.000 kroner i stønad for å drive sorggrupper for etterlatne etter sjølvmord. Det fekk dei avslag på.

Nils-Petter Hauge

MYKJE TID: Styremedlem i LEVE Sogn og Fjordane, Nils-Petter Hauge, peikar på at ein korkje har tid eller krefter til å stadig leite etter summar ein kan søkje på for å halde oppe drifta av sorggruppe.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi søkte om 15.000 kroner for å drifte sorggrupper for etterlatne etter sjølvmord. Det er eit tilbod vi har hatt i fylket i mange år. Vi fekk avslag, med grunngjevinga at årets tilskotsmidlar ikkje skulle gå til psykisk helse, men til eit anna viktig område. Dermed ser vi ikkje anna råd enn å leggje ned sorggruppene, seier styremedlem i LEVE Sogn og Fjordane, Nils Petter Hauge.

Kvart år tek om lag 500 personar sitt eige liv i Norge. I Sogn og Fjordane varierer talet, men ligg på eit snitt på sju til åtte sjølvmord årleg. Talet på sjølvmordsforsøk er om lag ti gonger høgare.

Grenser for kva ein har krefter til

Organisasjonen LEVE vart etablert i 1999 og er ein frivillig organisasjon som har som mål å sikre omsorg og støtte til etterlatne ved sjølvmord, samt førebyggje og redusere talet på sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

– Vi opplever det litt merkeleg når vi søkjer om så lite pengar til noko som gir så stor effekt. Vi tykkjer det er rart at tilskotsordninga ikkje tek omsyn til den type tema som vår omsorg har fokus på, seier Hauge.

Han legg til at organisasjonen kunne halde fram sorggruppa, dersom dei hadde hatt krefter til å gå på tiggerunde for å skaffe pengar frå andre.

– Men det går ei grense for kva vi som driv frivillig arbeid klarar å bruke tida vår på. Det som er trist er at nettopp forskinga til Kari Dyregrov syner at føresetnadane for ein del etterlatne for å bli friske, er nettopp støtte og samtale med andre i same situasjon. Det er også den viktigaste erfaringa frå sorggrupper som vi har gjennomført dei siste åra, seier Hauge.

Etterlatne som har delteke, har understreka at takka vere den støtta dei har fått i sorggruppene frå andre som veit kva dei går gjennom, har gitt dei hjelp til å komme vidare.

– Å vere etterlaten etter sjølvmord er heilt spesielt. Det å forstå si sorg og sitt tap gjennom å møte andre som har opplevd det same er kanskje det viktigaste av alt når det gjeld helsefremmande tiltak for denne gruppa, seier Hauge.

Vert gåande åleine

I Sogn og Fjordane finst det ikkje andre sorggrupper som gjer same jobb.

– Det er det som er det alvorlege utgangspunktet for LEVE. Vi er ein organisasjon som skal vere eit supplement til det offentlege. Heller ikkje det offentlege har utvikla eit tilbod som går på gruppenivå mot etterlatne, seier Hauge.

Han peikar på at alt no vert lagt over i hendene på fastlegane.

– Nokon av dei kan mykje om sjølvmord, andre kan lite om det å vere etterlatne etter sjølvmord. Ein konsekvens av dette er at mange etterlatne vert gåande åleine med sine tankar, sitt tap og si sorg, utan å få naudsynt hjelp, seier Hauge.

Han meiner at i lys av forsking som peikar på kor viktig det er med likemannsarbeid i ein slik situasjon, er det trasig at det ikkje finst pengar til å drive arbeidet.

– Då er det rart at staten Norge, fylket og samfunnet aksepterer at vi ikkje skal bruke midlar på grupper som har opplevd denne type tap. Vi har mange fine orda om korleis vi skal vareta dei som har det verst i livet, men i mitt hovud har vi ikkje system som byggjer opp under dei fine orda, seier Hauge.

Ekstra trist når ein har folk

– Men søkte de også til dømes fylkeskommunen om midlar?

– Nei, vi gjorde ikkje det. Det kunne vi sjølvsagt ha gjort, men vi har ikkje ressursar og krefter til å stadig vekk måtte leite etter pengar vi kan søkje om. Dette er noko vi driv med på dugnad, og det krev enorme ressursar å heile tida skulle leite etter pengar til drift, seier Hauge.

Arbeidande styreleiar i LEVE nasjonalt, Henning Herrestad, tykkjer det er svært trist at ikkje LEVE i Sogn og Fjordane har fått noko stønad slik at dei han halde oppe sorggrupper i fylket.

– Eg tykkjer det er veldig trist. Det eine er at sorggruppetilbod er den beste støtta vi kan gi på likemannsbasis til menneske som har mista nokon i sjølvmord, seier Herrestad.

Det er slett ikkje alle stadar i landet at ein har personar som kan drifte slike grupper, difor er det ekstra ille at ikkje gruppene i Sogn og Fjordane kan haldast oppe.

– Når ein har slike folk i Sogn og Fjordane, så er det ekstra trist at dei må innstille drifta si, seier Herrestad.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Selvmordsstatistikk 1972-2012» i nytt vindu

Var ikkje midlar i år

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, stadfestar at LEVE Sogn og Fjordane fekk avslag på søknaden sin.

– Dei søkte fylkesmannen om støtte frå nokon midlar som vi har brukt å ha til å gje ut til organisasjonar som jobbar førebyggjande for psykisk helse. For 2014 var den summen teken vekk, seier Stensland.

Det er Helsedirektoratet som avgjer kva pengar fylkesmannen har å gi ut til slike føremål.

– Helsedirektoratet stimulerer til aktivitet på ei rekkje område innan helse. Spesielt innanfor førebyggjande arbeid, utdanning av helsepersonell og pleie og omsorg, seier Stensland.

Men desse tema endrar seg noko frå år til år.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

HADDE IKKJE PENGAR: Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– I år var det ingen midlar til dette feltet, seier Stensland.

Han kjenner ikkje til kvifor Helsedirektoratet har prioritert vekk dette satsingsområdet i 2014.

– Det vil vere ulike satsingsområde i ulike periodar, seier Stensland.

Har spesielle kvalitetar

Han legg ikkje skjul på at han gjerne skulle ha hatt pengar til å innvilge søknaden frå LEVE i Sogn og Fjordane.

– Når ein organisasjon som jobbar med eit viktig felt søkjer om ein liten sum, som eg reknar med dei høgst sannsynleg vil vere i stand til å bruke på ein fornuftig måte, så kjennest det ubehageleg å ikkje ha noko å gi ut, seier Stensland.

– Heldigvis har vi både psykisk helsehjelp og anna helsehjelp innanfor det vanlege behandlingsapparatet, så det er mogleg å få hjelp i Sogn og Fjordane, seier Stensland.

Forsking har synt at likemannsarbeid har mykje å seie for dei pårørande til menneske som tek sjølvmord.

– Likemannsarbeid har heilt spesielle kvalitetar som fortener støtte, det er eg både klar over og samd i, seier Stensland.

Må søkje på nytt kvart år

Helse- og omsorgsminister Bent Høie legg ikkje skjul på at han set pris på den jobben LEVE gjer. Men han vil ikkje la LEVE liggje fast inne på statsbudsjettet.

– Organisasjonane får støtta si gjennom å søkje til Helsedirektoratet. LEVE fekk i 2013 stønad nettopp til sorgstøttestilbodet sitt, så dei får pengar, seier Høie.

Bent Høie

MÅ SØKJE: Helse- og omsorgsminister Bent Høie vil ikkje la LEVE liggje fast inne i statsbudsjettet.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Regjeringa la 30. april i år fram ein handlingsplan mot sjølvmord og sjølvskading, og her ligg det i første omgang inne fem millionar kroner som skal nyttast til tiltaka som er skissert i planen.

– Det er det også område der LEVE kan søkje om pengar. Men for at ikkje eg som statsråd skal sitje og dele ut pengar til organisasjonar, er det viktig at vi har det skiljet, ved at vi set kriteria, og så er det direktoratet som handsamar stønaden, seier Høie.

Men LEVE fekk ikkje medhald i søknaden sin for 2014, og må difor overføre nokre av midlane dei har att frå året før.

– Eg forstår at det kan opplevast som tungvint å måtte søkje kvart år, men det er slik også andre frivillige organisasjonar må handtere det, seier Høie.

Etterlatne er ei risikogruppe

Sosiolog og forskar ved Senter for krisepsykologi, Kari Dyregrov, etterlyser ein meir heilskapleg tankegang.

Kari Dyregrov

LITE LANGSIKTIG: Forskar ved Senter for krisepsykologi, Kari Dyregrov, etterlyser ein meir heilskapleg tenking.

Foto: Senter for krisepsykologi

– Eg kjenner handlingsplanen, og støtter det Høie seier. Men når vi snakkar om LEVE og om etterlatne, så skulle eg ønskje at etterlatne var nemnt som ei spesiell risikogruppe, seier Dyregrov.

Ho peikar på at forsking syner at etterlatne etter sjølvmord har dobbelt så stor risiko for å sjølve ta sitt eige liv.

– Vi veit at det er auka førekomst av sjølvmord blant etterlatne. Då kunne til dømes stønad til LEVE vore eit slikt tiltak, seier Dyregrov.

Ho hadde sett at dette var noko som såg fast inne i statsbudsjettet.

– Eg skulle ønskje ein kunne komme ut av dette å søkje år for år, og heller gi noko grunnstønad som gjorde arbeidet meir føreseieleg. Når ein ikkje kjem i gang med arbeidet, så handlar det om at ein ikkje har hatt visse om at ein kan gå i gang, fordi ein ikkje har hatt pengar i tide. Så vert dette ein vond sirkel, og ein får ikkje det ut av likemannsstøtta som ein kunne ha fått, seier Dyregrov.