NRK Meny

Fekk ikkje medhald i klage

Ein pasient som klaga til Fylkesmannen over mangelfull behandling i Helse Førde, fekk ikkje medhald av fylkeslegen. Pasienten meinte at det ikkje var gjort tilstrekkelege undersøkingar som grunnlag for å skrive ut pasienten til eigen heim. Pasienten fekk kort tid etter utskrivinga konstatert sjukdom ved ein annan helseinstitusjon. Fylkesmannen meiner Helse Førde har ytt pasienten forsvarleg helsehjelp.

Vegopning på Bergum i Førde kommune