NRK Meny
Normal

Fekk ikkje lov til å kome med ei siste helsing

Tidlegare redaktør i studentavisa Røynda Kristoffer Skarstein trudde han skulle ha sin siste arbeidsdag i dag, men han er allereie utestengt frå avisa. No kjenner han seg dårleg behandla av studentsamskipnaden.

Kristoffer Skarstein

TRIST: Kristoffer Skarstein tykte det var trist å leggje ned studentavisa Røynda, for han hadde eit sterkt engasjement for å lage ei god avis

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg opplever dette som studentsamskipnaden nok ein gong forsøker å avgrense oss, og kva vi kan gjere, seier den avgåtte redaktøren Skarstein.

For eit par veker sidan la studentavisa Røynda i Sogndal ned, og redaktøren Kristoffer Skarstein trakk seg i protest.

Les også: Studentavis legg ned – fekk nok av konfliktar

Skarstein og resten av studentavisa meinte at dei vart sensurert av eigaren av avisa, som er studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane. Dei oppfatta at dei ikkje fekk lov til å skrive artiklar som var kritiske.

– Samskipnaden sa at me skulle – så langt det let seg gjera – unngå å omtala høgskulen negativt, fortalde Skarstein til NRK den gongen.

Kristoffer Skarstein

GJEKK AV: Kristoffer Skarstein gjekk av i protest etter at han og resten av redaksjonen kjente seg sensurerte.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mista tilgang

I dag skulle vere den siste dagen på jobb for redaktøren, men heilt på tampen av redaktørtida blussar konflikten opp på nytt. Skarstein har ikkje lenger tilgang til nettsidene til Røynda, og har ikkje fått høve til å gjere det siste arbeidet han hadde planlagd før han endeleg gjekk av.

– Vi hadde mellom anna eit intervju som vi hadde tenkt å publisere, og så har vi ein del andre innlegg som vi no vi får kome ut med. Det kan virke som om studentsamskipnaden er redd for kva som kunne kome, seier Skarstein.

– Har ingenting med avisa å gjere lenger

Direktør i Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt, avkreftar at det er det som er grunnen til utestenginga.

– Skarstein har trekt seg som redaktør, og redaksjonen har lagt ned. Det betyr at han ikkje lenger har noko med studentavisa å gjere, og då er det heilt naturleg at han ikkje har tilgang til å publisere innhald på nettsidene.

Ho fortel at samskipnaden no jobbar med å rekruttere nye folk til avisa, og at nettside framleis er oppe og går.

Randi Marie Sjøholt

STARTAR OPP PÅ NY: Direktør i SiSOF Randi Marie Sjøholt vil forsøkje å starte studentavisa Røynda opp på ny.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Nettsida til Røynda ligg der framleis, og vi jobbar med å få inn nye folk. Skarstein har derimot trekt seg frå avisa, så eg skjønar ikkje kvifor han skulle ha lyst til å publisere noko som helst då.

Skarstein deler ikkje den verkelegheitsoppfatninga, men seier at han no vil forsøkje å få ut dei artiklane som skulle ut i dag på andre plattformer.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå