NRK Meny
Normal

Fekk ikkje hjelp frå veterinæren då katten skulle føde

Besøket hjå veterinæren då «pus» skulle føde vart alt anna enn det matmora hadde sett føre seg. Ho føler seg rett og slett dårleg behandla.

Iren Jeanett Moen

URETTFERDIG: DÅ Iren Jeanett Moen ikkje kunne betale 4500 kroner same dag for eit keisarsnitt, måtte ho gå frå veterinærklinikken utan hjelp.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Eg vart så rysta at eg tok telefonen frå øyret og la på. Det er ingen som skal oppleve ein slik oppførsel når ein ber om hjelp.

Iren Jeanett Moen

– Eg følte meg hjelpelaus då veterinæren ville ta keisarsnitt, men ikkje ville la meg betale på avbetaling, seier Iren Jeanett Moen.

I huset på Åmot i Naustdal er det akkurat kome fire nye familiemedlemmar. Men matmor Moen var fortvila og redd for kattemora sitt liv i timane før fødselen.

Katten til familien som vert kalla «pus» var høggravid og langt over termin. Måndag førre veke såg det ut til at noko skulle skje, men då onsdagen kom og det enda ikkje hadde skjedd noko, vart ho uroa.

Moen tok då kontakt med veterinær i Førde som bad ho kome innom for ein sjekk. Katten vart undersøkt og det blei teke røntgen.

– Ut ifrå det vart eg fortalt at kattungane var veldig store og at den eine låg slik til at det ikkje kunne bli ein normal fødsel, då dette kunne vere farleg både for kattemora og ungane, fortel trebarnsmora.

Ville ta keisarsnitt

Katten pus

KRITISK: Matmora var redd for 'pus' då fødselen var i gong og veterinærklinikken meinte keisarsnitt var einaste løysing.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Løysinga til veterinærkontoret var å gjennomføre eit keisarsnitt med ein gong, noko som ville koste Moen 4500 kroner.

– Dette var pengar eg ikkje hadde der og då, ei venninne som var med meg spurte om eg ikkje kunne få det på avbetaling.

Kvinna som hadde undersøkt katten gjekk så for å spørje veterinæren sjølv om det var mogleg, men Moen fekk til svar at dei ikkje kunne vere til hjelp med avbetaling fordi det hadde dei brent seg på så mange gonger.

– Sjølvsagt ville eg betale for det, men hadde ikkje moglegheit til å gje dei alt den dagen. Eg blei ståande å tenkje på kva eg kunne gjere med situasjonen og var veldig redd for katten min. Plutseleg seier ho som jobba der at dette kunne vere unngått om eg hadde kome inn tidlegare og sterilisert katten min. Eg følte at ho la eit veldig press over på meg og gav meg skyldfølelse. Det var veldig ubehageleg, fortel ho.

Kattungane var i utgangspunktet ikkje planlagt, men når det først skjedde ville ho prøve å gjere det beste ut av situasjonen, men kjem til å sterilisere katten etter dette.

– Men eg tykkjer ingenting om måten dette vart fortalt til meg på veterinærklinikken. Like før eg skulle til å gå der ifrå, fekk eg beskjed om at dersom dette gjekk bra utan operasjon, var det berre å sprette champagnen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Iren Moen

GJEKK BRA: Sjølv om familien måtte velje vekk keisarsnitt gjekk fødselen bra – noko Moen ikkje hadde trudd ut ifrå beskjeden frå veterinærklinikken i Førde.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Var redd katten skulle døy

Moen betalte for den timen dei hadde vore der og var nærast på gråten då ho gjekk frå kontoret. I bilen på veg heim att såg det ut til at katten skulle til å føde.

– Eg vart kjempestressa og redd for å miste katten min, så eg ringde opp att til kontoret for å be om råd. Då fekk eg til svar at sidan eg hadde takka nei til tilbodet dei gav meg, kunne dei ikkje hjelpe meg. Eg tykkjer det er heilt forferdeleg. Det er ikkje det du ventar av eit veterinærkontor, seier ho.

– Eg vart så rysta at eg tok telefonen frå øyret og la på. Det er ingen som skal oppleve ein slik oppførsel når ein ber om hjelp.

I staden for ringde ho til eit veterinærkontor i Florø som meir enn gjerne ville hjelpe og kom med tips og råd om kva ho kunne gjere. Seinare på kvelden snakka dei med ein veterinær på Sandane som dei forklarte heile situasjonen til. Han fortalde dei at i 95 prosent av tilfella ville fødselen gå fint.

– Vi skulle la katten vere litt åleine, så kom dette til å gå bra. Det gjorde vi, og 15 minutt etter kom den første kattungen utan noko problem, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kattungar

FIRE SØTE SMÅ: Det gjekk bra både med dei fire kattungane og kattemor.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Synd ho ikkje har teke kontakt

Veterinær Terje Negard ved Veterinærkontoret i Førde seier han ikkje ønskjer å kommentere enkeltsaker og tykkjer det er synd at kunden ikkje har kontakta dei med det dei er misfornøgd med.

– Eg har ikkje høyrt noko om at nokon er misfornøgde med behandlinga her. Så eg veit ikkje kva som har skjedd. Alle som vil er hjarteleg velkomne til å ta turen innom kontoret vårt eller ringje oss om det er noko dei vil klage på eller diskutere, seier Negard.

Han fortel at han er skuffa over at kunden ikkje har teke kontakt og understrekar at han ikkje ønskjer å kommentere enkeltsaker.

– Dette er kjedeleg for begge partar. Det er tydeleg at dette dreier seg om klassisk kommunikasjonssvikt, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.