Hopp til innhold

Fekk ikkje fly til Oslo om vinteren

Hugsar du den gode, gamle slitaren Twin Otter? I nesten all slags vêr frakta han passasjerar på kortbanenettet i Norge.

GLIMT FRÅ 1980: Det tomotors Twin Otter-flyet tok 22 passasjerar og blei brukt av Widerøe i mange år. Slik såg det ut på Sogndal lufthamn på Haukåsen på den tida.

– Twin Otteren var eigentleg ikkje særleg passasjervennleg. Flyet gav passasjerane mykje juling, var bråkete og gjekk seint. Men det var artig å fly med. Det var som ein traktor, fortel Erik Per Risan som var pilot i Widerøe i 34 år.

Erik Risan

VAR UEINIG: Erik Per Risan meinte det skulle gå greitt å fly til Oslo heile året.

Foto: NRK

I oktober 1980 blei han intervjua i programmet Norge Rundt om at Widerøe ikkje fekk fly frå Sogn og Fjordane til Oslo i vinterhalvåret. Ruta blei nemleg innstilt frå 1. november, for det hadde Luftfartsverket bestemt. Årsaka var faren for ising på strekninga frå Sogn til Austlandet.

Kom seg ikkje over vêret

Pilot Risan meinte i 1980 at det ikkje var noko problem å fly denne strekninga også vinterstid.

– Vi flyr jo frå Sogndal til Bergen om vinteren, og det er jo på den sida den store ismengda er. Så å fly frå Sogndal til Oslo skulle ikkje vere noko problem, sa han.

Luftfartsverket ringde sjefen til Risan etter Norge Rundt-innslaget i 1980.

– Det var ikkje eit populært innslag hos dei, fortel han 34 år etter.

Twin Otter i 1980

MJØLKERUTE: Det kunne bli mange stopp når ruta var Florø-Førde-Sogndal- Oslo. Denne ruta hadde over 1000 passasjerar kvar månad, noko som var godt over snittet for andre Widerøe-ruter.

Foto: NRK

Twin Otteren, som har blitt kalla ein slitar og ein arbeidshest, kom seg i lufta i nær sagt all slags vêr, og som Øystein Sunde syng i hyllingsvisa «Liten og grønn»:

«Når SAS ikke vil, når Braathens ikke tør, da kommer jeg dansende rundt Torghatten som før.»

Sidan flytypen Twin Otter ikkje hadde trykkabin, kunne dei ikkje fly over 10.000 fot. Difor kunne turane opplevast som rimeleg «humpete».

– For når vi berre kunne gå opp til 10.000 fot, kom vi oss ikkje over vêret, forklarar Risan.

Erik Per Risan

JOBBA SOM PILOT: Erik Per Risan var pilot i Widerøe i 34 år, frå 1971–2005. No er han pensjonist.

Foto: Privat

Blei lei vinterstormar

I løpet av karrieren som pilot i Widerøe, var han stasjonert i Florø i mange år. Han hugsar mange rufsete turar, mellom anna på Vestlandet. Og enkelte flypassar hugsar han betre enn andre.

– Som Sandane, der rullebana er på tvers av ei halvøy. Florø var ganske grei, men det blåste alltid på tvers av rullebana. På Øyrane i Førde måtte vi fly visuelt. Kom vi inn fjorden, var det utfordrande på grunn av sønnavinden. Det var ganske rufsete på nedsida av Kvamshesten.

Etter eit langt yrkesliv i flyselskapet blei Risan pensjonist i 2005. No no bur han store delar av året i Thailand.

– Eg blei lei vinterstormar og vinterdekk. Eg gadd det ikkje meir, seier han på telefon frå varmare strok.

Distriktenes magasin. Programleder: Mathias Stang.

NORGE RUNDT: Her kan du sjå heile innslaget i Norge Rundt-sendinga 24. oktober 1980. Reporter: Stein Heide/Film: Arne Martin Kalstveit/Lyd: Jostein Nyfløtt.