Hopp til innhold

Fekk hjelp då kollektivtrafikken svikta

Geir Birkeland prøvde å kome seg kringom i fylket utan bil. Ein helt frå Vik måtte til for å redde dagen.

MF Sunnfjord ved kai på Vangsnes i Sogn

KRONGLETE: Det er kronglete å kome seg rundt på Vestlandet utan bil. Geir Birkeland kom seg til Vangsnes. Då kunne ikkje kollektivtilbodet hjelpe han lenger.

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

Geir Birkeland skulle onsdag reise frå Høyanger til Voss for å besøke mor si, som var blitt akutt sjuk. Men det vart ein veldig kronglete tur. Han har no erfart at det er vanskeleg å bu i Sogn og Fjordane utan bil.

Kollektivtransporten kunne ikkje hjelpe han, men ein god hjelpar stilte opp då det gjaldt.

Krøll frå første stopp

– Eg sjekka på kringom.no, seier Birkeland, som bur i Høyanger.

På nettsida til Kringom fann han det som skulle vere eit samband med bussar og båtar, som til slutt skulle ende opp i Voss.

Geir Birkeland

BOM FAST: Geir Birkeland frå Høyanger kom seg ikkje lenger enn til Vangsnes då han skulle til Voss utan bil.

Foto: Privat

– Buss frå Høyanger til Balestrand, hurtigbåt frå Balestrand til Vangsnes, der eg skulle følge bussen som kom frå Sogndal, til Voss, seier Birkeland.

Men det gjekk gale alt på den første etappen. Bussen frå Høyanger kom til Balestrand lenge etter at hurtigbåten hadde segla avgarde. Då sto han fast i Balestrand.

Ein helt frå Vik

Han kom seg etter kvart på ferja til Vangsnes. Der byrja han å ringe folk i fylkeskommunen etter hjelp. Til slutt kom han gjennom til fylkesordføraren.

– Ho hjelpte voldsomt til. Ho sjekka opp, men fann ut at det ikkje gjekk noko anna alternativ. Då måtte eg eventuelt ha overnatta i Vik, seier Birkeland.

Då kollektivtransporten og fylkeskommunen svikta, viste det seg at gode medmenneske stiller opp når folk i fylket er i naud.

– Eg møtte Geir Holstad, som eg aldri hadde treft før. Han bestemte seg for å køyre meg heilt til Voss.

Geir Holstad skulle til Vik, men tok altså turen over fjellet då han forsto at det gjaldt akutt sjukdom.

Hadde ein fin tur

– Eg tykte litt synd i han, så eg fann ut at eg kunne ta turen. Det var jo viktig for han å kome fram.

Derfor vart det litt endringar i planane. Holstad måtte ringe mor si i Vik og be henne om å utsette middagen til seinare på kvelden.

Men Geir Holstad syntest ikkje det var noko bry å køyre ein ekstra tur til Voss.

– Han var jo ein oppdatert person, så det vart jo ein fin køyretur, seier helten frå Vik.

– Verkeleg stort

– Vi hadde mykje å prate om. Og etterpå nekta han å ta imot pengar, seier Geir Birkeland, som altså kom fram til mor si litt utpå kvelden.

Han er svært glad for hjelpa han fekk.

– Det var fenomenalt gjort, eg er verkeleg takksam. Det var verkeleg stort altså, seier Birkeland.

Sidan han ikkje køyrer bil er kollektivtransport løysinga for Geir Birkeland, men no har han ikkje så stor tru på bussen.

– Hest og kjerre er nok alternativet, flirer han.