NRK Meny
Normal

Fekk hengedekket i taket

Hengedekket på ferja mellom Dragsvik og Vangsnes deisa ned i bubilen til eit nederlandsk ektepar på ferie i Sogn. No endar saka truleg opp i retten.

Det var 4. august i 2004 at det eldre nederlandske ekteparet ferierte i Sogn og Fjordane. Nederlendarane ante fred og ingen fare på den korte strekninga over Sognefjorden.

Skade for 140.000 kroner

Men då ferja la til kai på Vangsnes oppstod det uventa problem for bubilturistane. Med eitt deisa hengedekket ned i taket på bilen. Det vart gjort skader på bilen for omlag 140.000 kroner, og ein av soveplassane vart øydelagd. Paret kunne likevel fortsette turen i fjordfylket.

- Burde ha sett det

Forsikringsselskapet har betalt ut pengar til ekteparet. Men no krev dei at Fjord 1 skal ta ansvar for utgiftene. Advokaten for forsikringsselskapet meiner ferjemannskapet burde sett at hengedekket ville treffe bubilen. Fjord 1 på si side hevdar det var turistane som køyrde inn i hengedekket då det var på veg ned.

Håpar på forlik

Olav Gunnheim, som representerer forsikringsselskapet, håpar å kome til semje med Fjord 1 før saka startar. Difor vil han ikkje kommentere saka. Ingen i Fjord1-administrasjonen har vore tilgjengeleg for kommentar, og advokaten til selskapet vil ikkje la seg intervjue.

Det er sett av to dagar til saka i Fjordane tingrett i november.