Fekk helse på nissen etter sigeren

Julenissen og Isak Bergset

ÅRLEG TRADISJON: Julenissen frå Angedalen stikk kvart år innom Romjulsløpet i orientering. 2. juledag kunne han gratulere Isak Bergset frå Veten med sigeren i løpet.

Foto: Helge Schei

Isak Bergset

Isak Bergset med beviset på at han vann Romjulsløpet i orientering 2009.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Isak Bergset frå Veten vann laurdag det årlege Romjulsløpet i orientering i Førde.

Nordfjordingen klokka inn til tida 21,29, og var med det i ein klasse for seg i den 3,5 kilometer lange løypa. Andreplassen til gjekk til Torbjørn Os frå Førde på tida 23,16.

Etter løpet fekk Bergset helse på sjølvaste julenissen frå Angedalen, som kvart år vitjar det tradisjonsrike løpet i Sunnfjord.