NRK Meny
Normal

«Når eg følte den utryggleiken av å gå i barnehagen, korleis var det då å vere bebuar?»

Nestleiar ved asylmottaket i Årdal, Anne Merete Hatlelid, følte sjølv sterkt på utryggleiken etter trippeldrapet. No er ho og bebuar Daniel Fishaye Tekleab tildelt Annette Thommessens heiderspris.

Nestleder Anne Merete Hatlelid og beboer Daniel Fishaye Tekleab ved Årdal mottak

TOK BUSSEN HEIM: Nestleiar ved asylmottaket i Årdal, Anne Merete Hatlelid, og leiar i bebuarrådet Daniel Fishaye Tekleab vart denne veka tildelt Annette Thommessens heiderspris. Dei valde å ta Valdresekspressen heim att til Årdal.

Foto: Kirsti Kraft / NRK

4. november i fjor skjedde det ingen hadde venta. Ein asylsøkjar frå Sør-Sudan drap tre menneske på Valdresekpressen. Heime i Årdal sat Anne Merete Hatlelid og ante fred og ingen fare.

– Eg hadde tilfeldigvis vakttelefon den kvelden, så såg eg først ein ambulanse, to ambulansar og tre ambulansar. Så tenkte på kva i all verda det er som skjer. Eg hadde ikkje meir enn lagt ned laptopen før vakttelefonen ringde, fortel Hatlelid til NRK dagen etter at ho og Daniel Fishaye Tekleab har fått heidersprisen.

Prisen får dei for det dei gjorde i tida etter den grufulle hendinga. Dei tilsette og bebuarane kom bygdefolket i møte, og særleg viktig var det å kome i dialog med ungdomen i bygda.

Kjente på utryggleiken

Både fordi dei hadde mista ei 19 år gamal venninne, og fordi dei representerer morgondagens oppfatning av asylsøkjarar, heiter det i grunngjevinga for pristildelinga.

– Då eg skulle levere barn i barnehagen dagen etter dette hadde skjedd, så opplevde eg at folk var usikre på om dei i det heile skulle snakke med meg. Når eg følte den utryggleiken av å gå i barnehagen og på butikken, korleis var det då å vere bebuar på mottaket, undrar Hatlelid.

– Kva var di største skrekk?

– At det kunne oppstå situasjonar og konfliktar som igjen kunne føre til valdelege episodar.

Bussen i Årdal blir frakta vekk

DRAPSBUSSEN: Her blir bussen der drapa skjedde frakta vekk frå åstaden på Holsbru.

Foto: Øyvind Bye Skille/NRK

– Vi følte skam

Daniel Fishaye Tekleab er leiar for bebuarådet ved mottaket og var ein av eritrearane som ønska å møte dei unge i årdal, ansikt til ansikt. På den vidaregåande skulen fortalde han si historie om diktatur i heimlandet og om flukta som til slutt enda i industrikommunen.

– Årdal var ein ny stad for oss og vi var godt mottekne. Når tragedien skjedde, så følte vi skam over det som hadde skjedd. Vi hadde eit inderleg ønskje om å rette opp att eit forhold til alle i bygda, seier Tekleab.

Annette Thommessens heiderspris vart delt ut på 30 årsdagen for oppstarten av Norsk Organisasjon for asylsøkjarar (NOAS).

– Utvikla seg positivt

Styret i minnefondet ønska å heidre dei personlege initiativa som Hatlelid og Tekleab stod bak etter at tragedien var eit faktum.

– Vi har vore rundt på skulane og ungdomar har vore i kontakt med oss og har ønska å skape ein dialog. Det har gjort sitt til at vi har kunne starta fleire ny prosjekt, som til dømes ei fadderordning for barn i asylmottak i Årdal. Dette har eigentleg utvikla seg til noko positivt for dei involverte, seier nestleiaren ved mottaket.

– Føler du at de no er ferdig med denne jobben, og at alt er reparert?

– Overhovudet ikkje ferdig i det heile tatt, dette er berre byrjinga. Dette er noko vi må jobbe med så lenge det er mottak i Årdal, konkluderer Hatlelid.

Måndag 4. november tek ein mann livet av tre personar på Valdresekspressen. Dokumentaren fortel om den dramatiske hendinga frå første naudmelding kom inn til alarmsentralen, til Årdal-samfunnet samla seg i sorg framfor kommunehuset dagen etter.

SJÅ: Her kan du sjå NRK Sogn og Fjordane sin TV-dokumentar på trippeldrapa.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.