NRK Meny
Normal

Fekk gull for å tenkje nytt om teknologi

I 2017 blir FM-bandet sløkt og DAB-radioane overtek. Dette valde ungdomsbedrifta å satse på, og stakk av med sigeren i kampen om å bli best i fylket.

Vinnar ungdomsbedrift

VANN FINALEN: aDABt UB frå Florø blei kåra til beste ungdomsbedrift.

– Det var veldig kjekt. Vi er 19 elevar fordelt på fire avdelingar, så vi har jobba knallhardt med dette og vi vann beste ungdomsbedrift, men også tre andre prisar, fortel salsleiar aDABt UB, Malin Askevold Helle til NRK.

Mange ungdomsbedrifter frå alle dei vidaregåande skulane i fylket deltok i kåringa, og det var hard kamp om dei fremste plassane.

– Vi blei veldig overraska, for det var veldig mange flinke som var med. Vi følte også at vi fortente det, for vi hadde jobba så hardt. Eg føler vi har organisert oss veldig godt med flinke folk på til dømes økonomi og marknadsføring. Konseptet er jo veldig relevant fordi ein i 2017 går over frå FM til DAB, seier Helle.

Dei har blant anna seld ulike DAB-radioar, mellom anna høyrselsvern med radio.

No går turen til Oslo og landsfinalen for dei 19 elevane frå Florø, der skal dei kjempe vidare om å kanskje bli landets aller beste ungdomsbedrift.

Her er alle vinnarane

Beste ungdomsbedrift 1 plass : aDABt UB, Flora vgs

Beste ungdomsbedrift 2. plass : La Nature gourmet UB, Måløy vgs

Beste marknadsføringstiltak 1. plass : aDABt UB, Flora vgs

Beste maknadsføringstiltak 2. plass : La nature Gourmet UB, Måløy vgs

Beste HR bedrift 1. plass : Process UB, Sogndal vgs

Beste HR bedrift 2. plass : La Nature Gourmet UB, Måløy vgs

Beste Utstilling : aDABt UB, Flora vgs

Beste produkt : Skrue UB, Eid vgs

Beste teneste : aDABt UB, Flora vgs

Beste innovative idé / produkt : Din kvardag UB, Årdal vgs

Beste rekneskap : Process UB. Sogndal vgs

Beste produktdesign : Din Kvardag UB, Årdal vgs

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast