Hopp til innhold

Campusgünderar i Sogndal får Gründerprisen for ungdom 2012

Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson har fått gründerprisen for ungdom for innsatsen med å utvikle selskapa Yast, nLink og Rocketfarm.

Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson gratulert av Åshild Kjelsnes

FEKK PRIS: Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson gratulert av Åshild Kjelsnes under fylkestinget tysdag.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Prisen er på 30 000 kroner og vart utdelt på fylkestinget 11. desember.

Leiar for hovudutvalet for plan og næring, Hilmar Høl (Ap) og fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) stod for prisutdelinga.

Har ti tilsette i to selskap

Dei fire unge gründerane valde å etablere seg i campus-miljøet i 2008. Yast hadde dei allereie etablert under studietida i Trondheim. Selskapet er eit programvareselskap som har utvikla eit enkelt system for timelisteføring.

I 2009 starta dei nLink, og i 2012 fusjonerte dei Yast og konsulentdelen av nLink til det nye selskapet Rocketfarm.

I dag er dei ti tilsette fordelte på nLink og Rocketfarm.

Arbeidsplassar for framtida

Hovudutvalsleiar Hilmar Høl trekte fram mange argument for å gi prisen til dei fire i talen sin.

– Desse initiativrike menneska er framifrå føredøme for andre unge gründerar. Dei har vist at det er fullt mogleg å etablere suksessbedrifter i distrikta. Dei har sett moglegheitene og fordelane ved å etablere verksemda i lokalmiljøet i Sogndal, sa han.

– Mange ser dei som viktige bidragsytarar til at det har oppstått ei spire av «gründerånd» på Fosshaugane Campus. Dei har skapt kompetansearbeidsplassar for framtida, og juryen håpar at den fantastiske utviklinga held fram, sa Høl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dirigent Trond Strand og Anne Kristoffersen tok imot fylkeskulturprisen

FEKK PRISEN: Bremanger musikklag ved Dirigent Trond Strand og Anne Kristoffersen tok imot fylkeskulturprisen.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Gründerar drøymer om å skape

Halvorsen, Nilsson og Gregusson hadde tatt turen til Leikanger for å ta imot prisen.

– Det som driv gründerar er draumen om å skape noko, og det er små marginar som skil dei som lukkast og ikkje. Vi er i eit miljø vi ikkje har lyst å reise vekk frå, og vi vil bruke pengane frå denne prisen på ny rekrutteringssamling, sa Halvor Gregurson i takketalen.

Juryen meiner at vinnarane på ein framifrå måte har utnytta kompetansen sin innanfor IT og teknologi. Dei har skapt eit produkt for framtida. Vinnar-gründerane tilbyr eit nyskapande produkt innan time- og samtaleregistrering på nett.

Lagt merke til internasjonalt

Dei arbeider også med å utvikle software til mobiltelefonar samt web-programmering.

For knappe tre veker sidan toppa dei tidsskriftet Forbes si liste over dei sju beste web-produktivitetsverktya som skal maksimere effektivitet. Dette er eit tydeleg teikn på at arbeidet til gründerane har blitt lagt merke til også internasjonalt.

Juryen var samansett av representantar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge, Fylkesmannen og NHO.

Nordsida utviklingslag tok tysdag imot Fylkesprisen for idérike bygder. Samstundes fekk Bremanger Musikklag utdelt fylkeskulturprisen.