Fekk gründer-pris for SMS-teneste

Ask Adam AS ved Njål og Linn Wilberg vart årets vinnarar av Sogn og Fjordane sin gründerpris for ungdom.

Fekk gründer-pris på fylkestinget

FEKK PRIS: Njål og Linn Wilberg i Ask Adam AS fekk tysdag gründerprisen under fylkestinget. Til høgre står Kjartan Longva og Nils R. Sandal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Det spesielle med desse IT-gründerane er at dei valde å etablere seg på Linn sin heimstad Mjømna i Gulen, og såleis viser at det er mogeleg å etablere kommersielle og nyskapande satsingar også i distriktet, sa leiar Kjartan Longva i hovudutvalet for plan og næring då han delte ut prisen under fylkestinget.

- Dette er veldig kjekt og ei stor ære. Det er ein kjempemotivasjon til å jobbe vidare og vere med på å skape arbeidsplassar i distrikta, seier Linn Wilberg til NRK.

Har allereie stor omsetnad

Gründerprisen for ungdom er på 30.000 kroner, og vart i dag delt ut for fjerde gong.

Ask Adam er ei kunnskapsteneste som leverer SMS–søk mot nettleksikon, ei teneste som er det første i sitt slag i Norge. Gründerane bak satsar med omfattande marknadsføringskampanjar i heile Norden, og har oppnådd ein sterk posisjon i marknaden.

SMS-tenesta har relativt stor omsetnad allereie kort tid etter lansering.

- Korleis skal de utvikle bedrifta vidare?

- I første halvdel av 2010 vert vi lanserte i England. Og i januar startar vi med manuelt opererte tenester, noko som iallfall gir fire arbeidsplassar til i løpet av 2010, seier Wilberg.

- Førebilete for andre gründerspirer

- I tillegg til at Linn og Njål har skapt sine eigne arbeidsplassar, har dei også lagt grobotnen for fleire andre etableringar på Mjømna. Dei satsar på å utvide Ask Adam allereie frå neste år, samtidig som dei er pådrivarar og sterkt involverte i fleire andre nyetablerte IT- og teknologibedrifter på Mjømna, noko som er med å underbyggje Linn og Njål sin påstand om at dei har busett seg på "Gründerløkka", heiter det i grunngjevinga for prisen.

Juryen held ekteparet fram som førebilete for andre gründerspirer i Sogn og Fjordane.

I juryen sat Hjørdis Vik frå Innovasjon Norge, Jesper Wiig frå NHO, Ingrid Røkke Døskeland frå Fylkesmannen og Kristin Arnestad og Bente Sønsthagen frå fylkeskommunen.