Hopp til innhold

Fekk gratis bil i 17. mai-tog

Kenneth Dvergsdal skulle berre ein liten tur ut av 17. mai-toget for å ta ut pengar til resten av nasjonaldagsfeiringa. Det enda med at ein framand mann gav han ein bil.

Kenneth Dvergsdal

FORD FIESTA: Kenneth Dvergsdal seier han var på riktig stad til riktig tid då han skaffa seg ny bil. Pris? Ingenting!

Foto: Privat

Høyrest det for godt ut til å vere sant? Det trudde Dvergsdal også.

– Det er jo heilt utruleg! Det er ikkje kvardagskost at to karar står ved ein Esso-stasjon og spør om du vil ha ein ny bil, seier han.

– Dei hadde til og med fylt opp full tank!

«Vil du ha denne bilen»

Dvergsdal feira 17. mai på Skei i Jølster kommune. Då toget hadde gått eit stykke, fann han og ein kamerat ut at dei ville ha litt kontantar til feiringa på samfunnshuset. Dei stogga ved bensinstasjonen.

– Der stod det to karar med to bilar. Plutseleg sa han eine: Vil du ha denne bilen. Eg vart mildt sagt overraska.

Gratis

GOD STAND: Eg treng å fikse litt på bremsene, men han fungerer fint, seier Dvergsdal.

Foto: Privat

Dei to som ville selje fortalde at dei hadde kome frå Tønsberg for å kjøpe ny bil. Bremsene var dårlege på den gamle, og dei var redde for å ikkje kome seg over Hemsedalsfjellet.

Dvergsdal takka ja til tilbodet, og skreiv under på ei salgsmelding, som kjøparen skal levere på måndag.

Etter det vil han vere eigar av ein liten Ford Fiesta.

– Bilen er ganske fin, men det er litt å gjere med han. Eg må fikse litt på bremsene og det er litt rust. Men han er i god stand, han trillar fint framover.

– Kva tenkjer du om det som skjedde?

– Det er ganske stilig! Gratis bil på 17. mai, det er ikkje så verst det! At eg tok i mot var nok heller ikkje så dumt.

Mistenksam

Den nye bileigaren fortel at han ikkje var den fyrste som fekk tilbodet.

– Dei hadde spurd folk både på Sandane og på Breim. Men alle var for skeptiske og takka nei. Det er klart det er mistenkjeleg med to karar som står på ein Esso-stasjon og gir vekk ein bil på 17. mai, seier Dvergsdal.

Difor har han sjekka med Brønnøysundregistra om bilen har hefte. Han har også søkt opp om bilen er meldt stolen, men ikkje funne noko

– Vi fekk også telefonnummeret til seljaren og har ringt for å sjekke at han er den han seier. Alt ser ut til å stemme. I morgon skal vi sjekke med politiet, berre for å vere på den sikre sida.