Hopp til innhold

Fekk fleire studentar ved høgskulen

Høgskulen i Sogn og Fjordane har i år 2700 studentar - ikkje sidan 2002 har talet vore så høgt.

Høgskulen på Foss

TILSTRØYMING: Høgskulen i Sogn og Fjordane har denne hausten fleire studentar enn på mange år.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høgskulen i Sogn og Fjordane konkluderer med ei solid auke i talet på studentar i haust.

Har 2007 studentar

Etter at alle årets studentar er talde opp, viser tala ein auke på tolv prosent samanlikna med fjoråret. Den totale studentmassen er no oppe i 2700 studentar.

Ikkje sidan 2002 har tala vore så høge.

- Noko av auken vår skuldast spesielle rekrutteringstiltak i Sogn og Fjordane, og noko skuldast ein meir usikker arbeidsmarknad i kjølvatnet av finanskrisa, seier studiedirektør Terje Bjelle til høgskulen sine nettsider.

Gir betre økonomi

Dei fleste avdelingane ved høgskulen har hatt ein auke, men flest nye studentar har det komme på Avdeling for ingeniør- og naturfag og Avdeling for Lærarutdanning og idrett.

- Satsinga på stabile og solide profesjonsutdanningar retta mot dei store velferdssektorane, kombinert med tilbod som i større grad er tilpassa skiftande behov og trendar i samfunnet, synest å fungere bra, seier Bjelle.

Auke i studenttalet betyr ein betre økonomisk basis for høgskulen.