Hopp til innhold

Trippeldrapssikta fekk fire nye veker i varetekt

30-åringen som er sikta for trippeldrapet i Årdal er varetektsfengsla i ytterlegare fire veker.

Politiet arbeider med sporsikring rundt busssen.

VARETEKT: Den sikta etter trippeldrapet på Valdresekspressen er varetektsfengsla i fire nye veker.

Foto: Øyvind Bye Skille

Dei to første vekene er i fullstendig isolasjon. Heile perioden er med brev- og besøksforbod.

Mannen vart i dag framstilt for ny varetektsfengsling i Bergen tingrett. Politiet kravde fire nye veker for den trippeldrapssikta.

Samtykka til kontorforretning

Den sikta sørsudanesaren samtykka til at fengslingsspørsmålet vart avgjort som kontorforretning.

Mannen har førebels ikkje forklart seg for politiet, men retten viste til at mannen vart arrestert på på staden. Vidare til at vitneforklaringar frå redningsmannskap peikar i retning av at sikta er gjerningsperson.

Retten legg førebels til grunn at mannen er tilrekneleg, ettersom det ikkje er haldepunkt for det motsette.

Avhøyr neste veke

Forsvarar Fredrik Verling seier at forlenginga av varetektsfengslinga var venta.

– Han hadde samtykka til at det spørsmålet skulle avgjerast i kontorforretning, så då er det for så vidt inga overrasking at det vert varetektsfengsling i fire nye veker, seier Verling.

Ifølgje forsvararen til den trippeldrapsikta er det gjort er ein avtale med politiet om at det skal gjennomførast avhøyr i neste veke.

Korleis har han det no?

– Det er vanskeleg å kommentere, men det er klart at han ikkje har det enkelt på nokon måte, seier Verling.

Eit puslespel

– Ut ifrå sakens alvor så var det forventa at han fekk nye fire veker, seier aktor, politiadvokat Knut Broberg.

Han seier det ikkje er avtalt noko dag for avhøyr, men at eit avhøyr kan vere viktig å få på plass.

– Etterforskinga vi driv på med no er på mange måtar som å leggje eit puslespel med mange tusen brikker. Ein som er sikta i ei straffesak har ingen plikt til å forklare seg, men i den grad han ønskjer å forklare seg, så kan det hjelpe oss med å få på plass puslebrikkene raskare og meir riktig, seier Broberg.

Retten har mellom anna lagt vekt på at det er fare for at bevis i saka kan bli øydelagt.

– Dette kan vere personar som dei ikkje har snakka med enno som han kan vere i kontakt med dersom han ikkje er under vår kontroll, fortel Broberg.