Hopp til innhold

Den første lokale dommen i «Dark Room»-saka er klar

Ein mann i 50-åra frå Sunnfjord er dømd til 90 dagar i fengsel etter å ha tilstått å ha lasta ned overgrepsbilde av barn. 60 av dagane er på vilkår.

I dag kom den første lokale dommen i «Dark Room»-saka. I tillegg til fengselsstraff må mannen også levera frå seg ein minnepenn, mobiltelefonen sin og ein berbar datamaskin.

Mannen i 50-åra vart pågripen og varetektsfengsla i fire veker i mai i fjor. Sidan han alt har sona fire veker i varetekt treng han ikkje å sone den delen av fengselsstraffa som er vilkårslaus. Namnet dukka opp under Vest Politidistrikt si opprulling av eit omfattande overgrepsnettverk på Internett.

I alt 84 personar er sikta i heile Dark Room-komplekset. 37 av desse i Vest politidistrikt, 45 i andre politidistrikt og to i utlandet.

Tilstod

Mannen har tilstått å ha oppbevart og lasta ned video og bilde som viser overgrep av barn. I alt hadde han 24 bilde og ein video på i overkant av fire minutt, som viste grove overgrep mot barn heilt ned i to-års alderen.

Etter det NRK kjenner til er fleire menn frå Sogn og Fjordane sikta i samband med opprullinga av «Dark Room». I februar vart ein sogning dømd til 120 dagar fengsel ein annan stad i landet.

Politiet etterforskar framleis saka mot ein sunnfjording i 40-åra som vart pågripen og varetektsfengsla i vår.

Seinare denne månaden er det også venta at saka mot ein tilsett ved ein barnehage i Sunnfjord kjem opp for Sogn og Fjordane tingrett.

Denne saka er av noko større omfang, men er ikkje tilknytt «Dark Room». Saka er venta å gå som tilståingssak.