Hopp til innhold

Fekk Fantorangklem i Flåm

I dag var det mange ivrige tilhengarar av Fantorangen i Flåm. Der fekk dei møte sin store helt.

Fantorangenklem

KOSELEG MØTE: Fantorangen delte ut klemmar i Flåm i dag. Olav (4,5) var heldig og fekk ein.

Foto: Kari Helene Flæte Lyngset

I dag har Sommartoget vore i Flåm og med på toget var også ein svært populær TV-figur. Fantorangen er ein kjent figur frå barne-TV og det var mange som hadde teke turen til Flåm berre for å møte han.

– Magnus på 2,5 år søv med Fantorangen kvar natt og han har prata om møte med Fantorangen i heile dag, fortel Kari Flæte Lyngset. Ho hadde med seg sonene Magnus og Olav til Flåm.

Dei to gutane er begge tilhengarar av Fantorangen og fekk gitt han ein stor klem då dei møtte han. Familien var på gjennomreise i fylket og då passa det godt med ein stopp i Flåm.

Fekk møte barnehage-heltinna

SHANA: Dei to gutane fekk og helse på Shana frå barne-TV då dei var innom Flåm idag.

Foto: Kari Helene Flæte Lyngset

– Ekstra stas var det då Shana frå Barne-TV tok ein prat med gutane då dei venta på figurane ved togperrongen, fortel mor til gutane.

Lyngset seier det bli stas for gutane å kome tilbake til barnehagen no.

– No har dei mykje å fortelje når dei kjem tilbake i barnehagen på Laupstad i Lofoten om godt ei veke, seier Lyngset.

Det var mykje liv i Flåm i dag, i anledning at Sommartoget hadde sitt stopp der. Men for dei yngste var det møtet med Fantorangen som stod i høgsete.