NRK Meny
Normal

Fekk ekstra overnatting på breen

Skodde, kuling og mellom 12 og 15 minusgrader er ingen god kombinasjon om du skal gå på ski på Jostedalsbreen. Dette turfølgjet fekk seg ei ekstra overnatting 1844 meter over havet.

Artikkelen er flere år gammel.

– Vi må ta vurderingar heile tida, vurdere kor vi skal gå og om vi skal gå, seier Kjell Kleiven.

Det solbrune ansiktet vitnar om mange dagar i sola. Seinast siste dagane på turen «Josten på langs».

Men å gå Jostedalen på langs på ski byr slett ikkje berre på sol og idyll, denne turen vart turfølgjet på 30 liggande vêrfaste ein ekstra dag.

– Kombinasjonen 12–15 kuldegrader og vind er ikkje noko særleg, så det var ikkje så veldig vanskeleg å ta den avgjerda. Vi måtte berre la telta stå, seier turleiaren.

– Strålande flott vêr

Kjell Kleiven

TURLEIAR: Kjell Kleiven fortel om ein vellukka tur Josten på langs. Men ei ekstra overnatting på breen vart det på turfølgjet på 30.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Førdianaren Kjell Kleiven er blant dei som kan skilte med lang erfaring i fjellet. Turen Josten på langs har han gått så mange gonger at han ikkje har talet, dei siste 10–12 åra har han vore med som turleiar.

Sist onsdag gjekk startskotet for årets tur, denne gongen med start i Jostedalen. Første etappe gjekk det vesle stykket til Fåbergsstølen der dei slo telt for natta.

– Dagen etter, torsdag, gjekk vi frå Fåbergsstølen opp langs Fåbergsbreen mot Brenibba. Der hadde vi første overnatting på breen, fortel Kleiven.

Sjølve Brenibba ligg 2018 meter over havet, og turen opp mot den gjekk for seg i flott vêr, fortel turleiaren.

– Vi hadde strålande flott vêr og sol, så det var varmt i bakkane oppover og nokre kvite leggar, flirer Kleiven som sjølv fekk godt med farge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Josten på langs: I området ved Høgste Breakulen (1957 moh) var det mykje skodde og dårleg sikt

SKODDE: I skodda var det ikkje særleg god sikt, fortel Kjell Kleiven. Her frå området ved Høgste Breakulen.

Foto: Kjell Kleiven

Ville ikkje gå vidare i uvêret

Utover kvelden endra vêret seg noko, og i litt skodde og snø fekk turfølgjet sett opp teltleir under Brenibba, i ei høgde på rundt 1800 meter.

Dagen etter fortsette turen mot Høgste Breakulen og Ramnane.

– Det gjekk greitt framover breen på dagen, men det var ikkje mykje vi såg i skodda. Det var ikkje noko problem i forhold til det å gå, det var lite vind. Men då vi kom fram på kvelden, like i nærleiken av Ramnane (1844 meter over havet), så auka vinden på då vi skulle slå leir, fortel Kleiven.

Det lumske vêret ville ikkje gje seg og heldt fram utover natta. Morgonen etter vakna dei til kuling og mellom 12 og 15 kulegrader. I eit slikt vêr fann turleiarane ut at det beste var å bli verande i ro.

– Vi var tre turleiarar med på denne turen, eg, Terje Jan Nes og Sissel Vedvik. Vi må heile tida vurdere og sjå kva folk vi har med, kva utstyr dei har og kva dei kan klare. Kva vi kan klare er ikkje så veldig interessant, vi må ta omsyn til dei som vi har med oss, seier Kleiven.

(Artikkelen held fram under)

Josten på langs: Siste dagen gjekk turen mot Bings Gryte, ei kjempestor vindhole midt i det kvite

MOT BINGS GRYTE: Siste dagen av turen, altså søndag, var det flotte vêret tilbake. Her på veg mot Bings Gryte.

Foto: Kjell Kleiven

Hadde kontakt med vêrvarslinga

På årets tur var det med både folk som gjekk Josten på langs for aller første gong, men også dei som har gått turen i ein mannsalder.

For dei som ikkje har gått ein slik tur før, kan den største utfordringa vere den store sekken med alt utstyret, seier den erfarne turleiaren.

– Ryggsekken kan bli i tyngste laget for mange på ein slik tur. Det er nokon som med seg for mykje, gjerne unyttige ting, og ikkje har med seg nok nyttige ting, fortel Kleiven.

Med avgjerda tatt om å halde seg i ro, måtte turfølgjet på 30 halde seg i telta heile laurdagen. Medan vêret piska utanfor var det ingen som lei noko naud, seier Kleiven.

– Vi var i teltleiren heile dagen. Vi var ute og spadde vekk litt snø frå telta innimellom. Ute bles det, men vi hadde det varmt og godt inne i telta, med nok mat og drikke, seier turleiaren.

– Visste dokke kor lenge vêret kom til å vere dårleg?

– Vi hadde kontakt med vêrvarslinga over satellittelefon, og dei fortalde at vêret ville vare ved ut laurdagen, men at det skulle bli mykje betre søndagen. Så vi bestemte oss for å sjekke vêret tidleg søndag, fortel Kleiven.

(Artikkelen held fram under)

Josten på langs: Siste etappe, på veg nedover Flatbreen mot Flatbrehytta

SISTE ETAPPE: På veg nedover Flatbreen mot Flatbrehytta i flott vêr siste dagen.

Foto: Kjell Kleiven

Så kom finvêret tilbake

Etter ein ekstra dag høgt oppe på breen, var dei første ute for å sjekke vêret allereie i 4-tida søndag morgon.

– Då var det vindstille og nesten byrja lysne og vi kunne sjå den blå himmelen. Dermed var det berre å røske litt i telta og gje beskjed om at vi starta opp om halvanna time, seier Kleiven.

I 05.30-tida var turfølgjet klare for siste etappe av Josten på langs. Frå leirplassen like ved Ramnane gjekk turen mot Bings Gryte og vidare mot Supphellenipa, nedover Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta.

– Etter kvart som det lysna vart himmelen blå, sola kom fram og vi fekk ein fantastisk avslutning på turen, seier Kleiven.

Og trass ein ekstra dag til fjells, har han berre fått gode tilbakemeldingar frå dei som var med.

– Folk har sagt det var ein veldig fin tur. Dei hadde fått kjent litt på vêr og vind, og synest det var ei veldig fin oppleving å få testa seg litt, og få testa utstyret og gjerne finne ut kva utstyr dei vil ha med seg neste gong.

Josten på langs - kart

JOSTEN PÅ LANGS: Slik er den klassiske 'reiseruta' over Jostedalsbreen.

Foto: Skjermdump frå ut.no
bilder av jordbæråker i utvik som er rasert av flommen. Bilder av elveleier frå dagen derpå og flomdagen. intervju gardbrukar viser oss rundt på garden. mobilvideo av drivhus som blir skylt på fjorden.
Store skadar etter flaum i Utvik og på Breim
Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.